Pilskog har stor tru på at ho vil sikre seg OL-billett og klare A-kravet på 4.05,80 i kveld.
I førre stemne ho var med i, sette Pilskog ny personleg rekord for andre gong i år.
Det var samtidig Midt-norsk rekord, og berre dei to verdsstjernene Grete Waitz og Ingrid Kristiansen har sprunge raskare av norske løparar nokon gong.
Pilskog har heile sesongen hatt framgang, og har vore under B-kravet til OL.
I og med den gode utviklinga, har det kome signal om at Friidrettsforbundet uansett vil innstille Trine Pilskog til ein OL-plass.
Passerer ho mål under A-kravet i kveld, er all tvil borte - då blir det tur til Athen.