Ein avtale blei klar i natt, etter at Høgre sine forhandlingar med Arbeidarpartiet braut saman.
Arbeidarpartiet godtok mellom anna ikkje Arnt Wærnes som leiar for oljeutvalet.
Ap ville også ha leiaren dei to neste åra, og ikkje dei to siste i perioden, slik Høgre foreslo.
I Eide blir Arnfinn Storvik frå Høgre ordførar, og Kolbjørn Gaustad frå Senterpartiet blir varaordførar.
Terje Vadset frå Frp blir ordførar i Skodje, med Helge Haram, Arbeidarpartiet, som varaordførar.
I Giske blir Knut Støbakk, KrF, ordførar, medan Ove Paulsen frå Venstre blir varaordførar.
I Fræna har Frp, Høgre og KrF inngått ein avtale som inneber at Arve Hans Otterlei frå Frp blir ordførar, med Petter Oddvin Godø frå KrF som varaordførar.
I Vanylven er ordførar-spørsmålet framleis uavklart.
I går blei det brot i forhandlingane mellom KrF, Framstegspartiet, Høgre og Kystpartiet.
Frp er største partiet i Vanylven, medan Einar Ebbesen frå Kystpartiet fekk flest personlege stemmer.