Somling om fotballstadion | Bryne stadion |
Bryne trugar med å spela i Stavanger om ikkje Time kommune finn ei løysing på den fastlåste situasjonen mellom Bryne FK og Bryne Fritidsklubb. Publisert 14.11.2001 12:47. Oppdatert 14.11.2001 14:43.Bryne-formann Per Undheim er oppgitt over det han oppfattar som kommunal somling og ansvarsfråskriving.
Både fotballklubben og friidrettsklubben har hatt fleire møte med representantar frå kommunen, utan at det har skjedd noko som helst.
Neste steg frå fotballen vert å trekka den kommunale søknaden om å få kjøpa tilbake Bryne Stadion, og då må kommunen ta stilling til krava frå fotballforbundet.
- Om dei ignorerer krava om undervarme, flomlys og 80 prosent sitteplassar innan fire år, blir ikke anlegget vårt godkjent som arena for eliteseriespill, sier Per Undheim.
Han ser for seg at Bryne om noen år må spille sine hjemmekamper på det nærmeste godkjente anlegget- i Stavanger.
Siste saker:
|