Fotballforbundet melder truslar til politietNorges Fotballforbund melder truslar mot Haugar-dommer Svein Oddvar Moen til politiet. Publisert 09.05.2006 07:41.
Truslane vart sett fram i eit anonymt brev til ein namnebror av Moen.
Fotballforbundet fortel at dei ser svært alvorleg på denne type truslar.
Moen kom i fokus etter at han gjorde feil og dømde straffe mot HamKam, han fekk også kritikk etter kampen Start-Aalesund.
|