– Eg synest det har vore ein heilt fantastisk festival i år, seier direktør Hilde Bjørkum.
Trass i at besøkstala har gått tilbake, er arrangørane svært nøgde.
– Vi trur det er vêret som er årsaka til at litt færre har tatt turen i år. Førebels har vi ikkje fått noko svar på kor mange billettar som selde, men førebels ser det ut ti lat det vil ligge på same nivå som i fjor, kanskje litt betre, seier Bjørkum.
Besøkstala tel også med kor mange besøkande gratisarrangementa på festivalen hadde.
– At tala har gått litt tilbake er ikkje problematisk i det heile tatt. Eg trur økonomien skal gå bra også, fortel Bjørkum.
- LES OGSÅ: - Folk er svoltne på mat og musikk
- LES OGSÅ: - Det er godt å få gå litt i fred
Store kjensler
For festivaldirektøren er ikkje dei harde tala det viktigaste.
– Nei, det å sjå festivalgjengarar kome ut av konsertane med stjerner i augene, det er det som er tingen, ler Bjørkum.
No er neste steg å finne ut korleis ein skal klare å overgå årets festival neste sommar.
– Det er noko som heiter festivaldirektøren angstkurve. Den verste tida kjem no, når ein lurer på korleis ein skal overgå seg sjølv, Bjørkum.
- LES OGSÅ: Førdefestivalen for dei minste