Hopp til innhold

Trugar med å saksøke Helse Førde

Sjukehusaksjonen Nordfjord vil gå rettens veg for å tvinge Helse Førde til å oppretthalde ortopeditilbodet ved Nordfjord sjukehus.

Svein Hansen

VIL KJEMPE: Svein Hansen som er leiar for sjukehusaksjonen i Nordfjord har ikkje gitt opp kampen om å få behalde ortopedien ved Nordfjord sjukehus.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Styret i Helse Førde har med regjeringa si velsigning vedteke å leggje ned ortopeditilbodet ved Nordfjord sjukehus.

Men sjukehusaksjonen i Nordfjord har ikkje gitt opp kampen og vil no gå rettens veg for å snu saka. Leiar i sjukehusaksjonen, Svein Hansen hevdar Helse Førde har manipulert fakta og seier førebuingane til eit søksmål er godt i gang.

– Vi kan ikkje godta at ortopedien vert lagt ned. Ortopedien er ein berebjelke i tilbodet og den vil vi behalde, seier Hansen til NRK.no.

Vil iverksette «nødvendige tiltak»

Tidleg i mars i fjor sleppte Helse Førde det som for mange var ei bombe. Dei ville leggje ned sjukehusa på Nordfjordeid og i Lærdal og oppretthalde eit sentralsjukehus i Førde.

Dette starta ein lang og heftig debatt om korleis sjukehustilbodet skal vere i Sogn og Fjordane i framtida. Før sommaren vart det endeleg klart at Eid misser ortopedien og senterpartileiar Liv Signe Navarsete har gitt klar beskjed om at det ikkje vert noko omkamp om dette vedtaket.

Men sjukehusaksjonen gir ikkje opp. I ei pressemelding varslar dei at dei vil gjere det som er nødvendig for at Nordfjord skal vere sikra eit forsvarleg og likeverdig spesialisttilbod i framtida.

– Det skal ikkje stå på pengane

Først vil dei saksøke Helse Førde med bakgrunn i at helseføretaket har servert regjeringa både feilinformasjon og manipulert informasjon, forklarar Hansen.

– Dette vil vi dokumentere når vi kjem i retten, seier han.

– Kor realistisk er det at de vinn fram med dette?

– For oss er ikkje dette vanskeleg. Når regjeringa bestemmer at Nordfjord sjukehus skal vere eit fyrtårn, så forstår alle at eit sjukehus ikkje kan vere eit fyrtårn når det samtidig blir lagt ned, seier Hansen.

Clara Øberg

FRITT: Styrleiar i Helse Førde, Clara Øberg seier sjukehusaksjonen står fritt til å saksøke kven dei vil.

Foto: Bård Siem / NRK

På spørsmål om korleis eit søksmål skal finansierast svarar Hansen at han ikkje er uroa for finansieringa. Han viser til at folk i Nordfjord i 1991 samla inn 2,3 millionar kroner på berre tre dagar til ny CT-maskin ved sjukehuset.

– Eg trur nordfjordingane vil stille opp og vise for omverda at vi står samla, seier Hansen.

Øberg: – Dette er greitt

Styreleiar i Helse Førde, Clara Øberg, fryktar ikkje utfallet av ei eventuell rettssak.

– Det er fritt opp til dei å saksøke kven dei vil. Dersom sjukehusaksjonen meiner dette er ein metode som gangar dei, så er det greitt for meg, seier Øberg og legg til:

– Eg held meg til det norske rettssystemet og har stor tiltru til systemet.

Hansen skuldar mellom anna Helse Førde for bevisst feilinformasjon og manipulasjon av fakta.

– Dette har eg høyrt fleire gonger tidlegare, og det er ikkje noko eg vil kommentere noko vidare, seier Øberg.