Skuleplassen på Trudvang skule i Sogndal yrar av liv. Ein heil fjerdeklasse spring fram og tilbake, men også hjernen får trimma seg.
– Tre gonger sju er 21, seier ein.
– 48 delt på seks er åtte, seier den neste.
Det dei driv med er ein såkalla mattestafett – fysisk aktivitet i kombinasjon med gongetabellen. Forskar Geir Kåre Resaland ved Høgskulen i Sogn og Fjordane meiner det er ein klar samanheng mellom fysisk aktivitet og faglege prestasjonar og no vil han bevise dette.
– Dette kan setje oss på verdskartet, seier forskaren.
Stafett + matte = mattestafett
Mattetimen på Trudvang skule i Sogndal er nok ikkje som den mattetimen dei fleste kjenner. Pultar og tavle er bytta ut med læraren kallar gangetabellstafett på skuleplassen. Eit enkelt konsept som kombinerer to gode.
– Utgangspunktet er eit ark med 80 oppgåver i gongetabellen, både deling og ganging. Klassen er delt opp i lag, som kvar får ein laminert lapp med nokre tilfeldig utvalde oppgåver, forklarar lærar Tom Wergeland.
– To og to på kvart lag spring i lag, slik at dei kan samarbeide om oppgåvene, og så spring dei tilbake og leverer lappen over til dei neste to.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
– Treng meir forsking
Men kva kan dette ha å seie for mattekunnskapen til ungane? Er det noko samanheng mellom fysisk aktivitet og betre evne til læring i grunnskulen? Forskar Geir Kåre Resaland meiner svaret heilt klart er ja.
– Dette er ein hypotese som er tillagt stadig meir vekt i litteraturen. Men per dags dato er det ikkje gjennomført mange nok og gode nok studiar til å konkludere, seier Resaland.
Og det har han no tenkt å gjere noko med. I samarbeid med skulane i Sogn og Fjordane vil han finne svar.
– Er det slik at aktive ungar blir flinkare på skulen, men og, trivst dei betre?
Vil vere eit løft for folkehelsa
Resaland er klar på at dette er ein vinn-vinn-situasjon.
– Viss vi kan få fysisk aktivitet inn som ein naturleg del av skulekvardagen på lærarane og lærarane sine premiss, så kan det vere eit kjempeløft for folkehelsa.
– Det vil bidra til førebyggjande folkehelse, betre karakterar på skulen og betre trivsel for elevane, seier Resaland.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
(Artikkelen held fram under biletet)
Vil ha alle skulane med i forskingsprosjekt
Høgskulen i Sogn og Fjordane har søkt om 30 millionar kroner frå Norsk Forskningsråd, i det som vil bli ein av dei største studia av skuleborn sin aktivitet nokon gong her i landet. Resaland vil ha i gang eit storskala prosjekt der alle dei 100 skulane i fylket skal delta.
– Halvparten av skulen skal ha det vanlege opplegget med to gonger 45 minutt kroppsøving i veka, medan den andre halvparten følgjer opplegget som Trudvang skule har testa ut. Det vil seie 60 minutt kvar dag med fysisk aktivitet som ein integrert del av skulekvardagen.
– På denne måten kan vi prøve å måle skuleprestasjon, trivsel og ein del andre ting, seier Resaland.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
– Difor gjer vi det godt på nasjonale prøver
Ungane spring mykje på Trudvang skule i Sogndal, og dei har lenge hatt mellom 30 og 60 minutt dagleg med fysisk aktivitet som ein del av skulekvardagen.
Det er ein av årsakene til at skulen gjer det svært godt på dei nasjonale prøvene, trur rektor Bjarte Ramstad.
– Vi meiner at vi ser resultat. Her på plassen ser vi nett no ein heil fjerdeklasse der alle er positive og engasjerte. Alle ønskjer å lære gjennom fysisk aktivitet. No når vi også fram til dei som vi kanskje ikkje alltid når i klasserommet, seier Ramstad.
– På verdskartet
Resaland har store forventningar til forskingsprosjektet.
– Dersom vi kan vise at elevar ved aktive skular lærer og trivst betre, og vi utviklar ein modell her i fylket, så er eg overtydd om at modellen kan overførast til andre skular både i Norge og utlandet.
– Dette kan vere ein ting som verkeleg set Sogn og Fjordane på verdskartet, seier forskaren.
Stor konferanse
10. mai inviterer Resaland og Høgskulen i Sogn og Fjordane til ein stor konferanse med tittelen «Fysisk aktivitet og kroppsøving i skulen - gunstig for skuleprestasjon og skulestrivsel».
Her kjem ei rekkje forskarar og andre aktørar saman, nettopp for å leggje grunnlaget for det som kan bli eit svært omfattande forskingsprosjekt.
Mellom deltakarane på konferansen er professor ved University of British Columbia i Canada, Heather McKay, ein av dei verkeleg store forskarane innan dette feltet på versbasis.