Listetopp for Arbeidarpartiet i Førde, Sveinung Nordtveit, kjem ikkje til å trekkje seg som ordførarkandidat, trass i at Sp-politikar Norvald Erdal meiner han er ueigna.
SE OGSÅ: |
|
|
ALT OM: |
|
Av
Ragnhild Eikenes
Nordtveit står også fast på at han har problem med å ta underskriftslistene mot Elvegata i Førde sentrum seriøst. Men han forstår at folk kjenner seg trakka på, og seier seg lei for sin eigen ordbruk i saka.
Sterk kritikk
Nordtveit er blitt teppebomba med kritikk og protestar etter at han gjekk ut og sa at listene med 5816 underskrifter mot Elvegata i Førde er søppel. Bakgrunnen for uttalen var at einskildpersonar hadde skrive seg på listene mange gonger, linjer var rabla over, og på toppen fann Nordtveit ei rekkje fiktive underskrifter på kjendisar, både levande og døde. (Sjå
Bin Laden og Donald mot bygging av Elvegata i Førde)
Respekterer engasjement
Nordtveit seier han har respekt for dei underskriftene som er skrive på av genuint engasjement, men held fast på at han ikkje klarer å ta underskriftsaksjonen som heilskap seriøst.
– Eg er samarbeidsorientert, positiv og open. Eg ynskjer at Førde skal vere ein god stad å bu. Og eg har respekt for folkemeininga, men eg har ikkje respekt for Osama bin Laden. Dette er Sveinung Nordtveit sitt svar til gruppeleiar for Sp i bystyret, Norvald Erdal, som seier til Firda i dag at han meiner Nordtveit er ueigna som ordførar Førde. Norvald Erdal meiner Nordtveit må gjere heilomvending dersom han vil vise at han kan duge som ordførar.