KrF gjorde eit elendig val i Sogn og Fjordane. 25 år gamle Per Steinar Osmundnes greidde ikkje å forsvare mandatet som han overtok då Magne Aarøen døydde.
Av
Vidar Vie og
Kjell Arvid Stølen
Per Steinar Osmundnes var ein slagen mann då røystene var talde opp måndag kveld. I KrF-fylket Sogn og Fjordane enda dei opp med ni prosent av røystene. Vi skal langt tilbake for å finne eit dårlegare val for partiet, og tilbakegangen var større enn på landsplan.
|
Per Steinar Osmundnes. Foto Heidi Lise Bakke |
Tapte i eigne heimkommunar
KrF gjekk til og med kraftig tilbake i hans eigen heimkommune, Gloppen. Og dei gjekk tilbake heile 12,8 prosent i Gulen, kommunen til Trude Brosvik som tapte nominasjonskampen mot glopparen. Der innsåg folk at ho og KrF var sjanselause på to mandat, og brukte røystene sine på andre parti.
- Mangla stor valsak
Osmundnes meiner han gjorde ein god valkamp, men at dei mangla ei stor valsak. - Vi har hatt kontantstøtta, men kanskje har ikkje veljarane oppfatta at denne ordninga vil forsvinne med raudgrønt fleirtal, seier Per Steinar Osmundnes, som trur det er landstrenden som har ført til den store tilbakegangen.
Kan hamne på tinget likevel
Det store paradokset er at valets store tapar likevel kan hamne på Stortinget. KrF har rett på sju utjamningsmandat og Osmundnes kan ta eitt av dei. Skulle han mislukkast der og, har han planen klar: - Fyrst blir det nokre dagar med hjortejakt, så blir det anten studier eller Aetat, seier han.