Hopp til innhold

Her er den unike gaupevideoen

– Gaupa er eit av våre mest sky rovdyr. Hun har vore heldig som har fanga den i ein så naturleg situasjon, seier naturfotograf om dei unike bildene.

Video nsps_upload_2010_1_21_9_58_50_1.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Klikk på bildet over for å sjå videoen av gaupene.

– Eg har mellom anna bilder av gaupeungen som leiter etter mus og begge gaupene som et på åten rett utanfor vindauget, seier Ingrid Skjærvold til NRK.

Kom igjen og igjen

Ingrid Skjærvold som oppdaga eit dødt rådyr i hagen sin på laurdag. Rådyret låg 8-10 meter frå husveggen.

Det viste seg at dyret var drept av ei gaupe, og at ei gaupemor med unge kom tilbake fleire gonger for å ete av kadavaret.

– Eg skalv på hendene då eg skulle filme dei første gong, fortel Skjærvold.

(Artikkelen held fram under bildet)

Gaupe med felt rådyr

Gaupemora på åtet i hagen til Ingrid.

Foto: Steve Halsetrønning

Unike bilder

Videoen Ingrid Skjærvold har sikra seg av dei to gaupene er av den sjeldne sorten.

Ifølgje profesjonelle naturfotografar er det ikkje vanleg å sjå gaupe langs husveggen.

– Gaupa er eit av våre mest sky rovdyr. Ingrid har vore veldig heldig som har klart å fange den i ein sånn naturleg situasjon og i ein så lang scene med fine nærbilder, seier Svein Grønvold, sekretær i Norske Naturfotografer, til NRK.

Han har ikkje sett mange slike videoar før.

– Ho har hatt flaks. Du ser ikkje sånt som dette mange gonger i livet. Det er vanlegare å sjå slike bilder av ulv og bjørn.

Vil sakne gaupene

Gaupene har spasert i hagen til Ingrid Skjærvol fleire gonger om dagen sidan laurdag. No er ho blitt godt vant til selskapet og tenkjer ikkje på at det er ville rovdyr som spaserer rundt rett utanfor stovevindauget.

Dei siste dagane har det også vore mange skodelystne naboar og venner innom stova til familien for å sjå på gaupene.

– Det blir nok litt rart den dagen dei ikkje kjem tilbake meir, avsluttar Ingrid Skjærvold.

Gaupe og sittende unge

Gaupemor og ungen i hagen til Ingrid.

Foto: Steve Halsetrønning