Hopp til innhold

Her er Noregs styggaste hund

Pepsi frå Trondheim er kåra til Noregs styggaste hund.

Video nsps_upload_2010_1_22_13_57_21_113.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Det er VG sine lesarar som saman med ein fagjury har stemt fram blandingshunden Pepsi frå Nidarvoll i Trondheim til landets styggaste hund.

– Pepsi er ikkje stygg i det heile tatt, ho er veldig sjarmerande. Men då vi fekk ho og viste ho fram, fekk vi ein del tilbakemeldingar, seier matmor Ruth Tiller til NRK og legg til at det var bakgrunnen for at ho meldte på hunden sin i konkurransen.

Stjerne hos Skavlan

Pepsi er ein krysning av chihuahua, kinesisk nakenhund og Lhasa Apso. Etter at ho gjekk til topps i kåringa, har det vore travelt for matmor Ruth Tiller.

– Det var vore nokre hektiske dagar. I går hadde vi ein lang dag, men når eg ser tilbake på det, har det berre vore artig, seier Tiller.

For i går tok nemleg Pepsi og Ruth flyet til Oslo for å vere gjestar på tv-programmet Skavlan på NRK1.

– Det var stort og veldig artig. Vi traff heile gullrekka og Pepsi var stjerne, ler Ruth.

(Artikkelen held fram under bildet)

Pepsi

Pepsi vel heime etter eit travelt døger.

Foto: Henriette Louise Krogness / NRK

Avviste Skavlan

Men Pepsi var ikkje berre fornøgd med programvert Fredrik Skavlan.

– Ho snudde han først ryggen og meinte at dette var ikkje noko å sjå på, men like etterpå var ho opp i fanget hans og tok ein runde der, så eg trur dei kom godt overeins, smiler Ruth.

Programleiaren syns ikkje det var så artig at Pepsi snudde han ryggen.

– Å bli avvist av Noregs styggaste hund, gjer noko med sjølvtilliten, seier Fredrik Skavlan til VG.

Ingen tvil i juryen

Fagjuryen som var med å kåre Pepsi til landets styggaste hund var Trude Mostue, Geir Hamnes og Knut Haavik. Dei var veldig samde om at tittelen skulle hamne i Trondheim.

– Ingen over, ingen ved sida av. Ho er så stygg at ho nesten er pen, seier Haavik til VG.

Kjendisveterinær Trude Mostue er av same oppfatning.

– Eg elsker blandingshundar, og Pepsi er og full av personlegdom, legg Mostue til i avisa.

Matmor Ruth Tiller og Pepsi

Matmor Ruth Tiller og Pepsi.

Foto: Henriette Louise Krogness / NRK