Hopp til innhold

Rekordmange smitta av harepest

Aldri har det vore registrert så mange harepestsmitta som i år.

Lemen nært

SMITTEBERAR: Lemen er eit av dyra som ber harepest med seg.

Foto: Allan Klo / NRK

75 personar er så langt smitta av harepest i Noreg i år. Det er det høgste sidan registreringa starta på 1970-talet.

Dei fleste av tilfella er mellom vaksne folk, viser tal frå Folkehelseinstituttet .

Mykje av auken kjem av fleire utbrot med til saman 48 smitta personar i Midt-Noreg frå januar til april i 2011.

Menneske blir som regel smitta gjennom direkte eller indirekte kontakt med sjuke, døyande eller smitteberande dyr. Spesielt lemen er berarar av sjukdomen.

Påvist fleire stader siste året

Harepest har tidlegare vore påvist fleire stader i landet. I Sogn og Fjordane vart jegerar sjuke av harepest i fjor haust. Seinare vart jegarar åtvara på Sørlandet etter at harepest vart påvist på dyr .

På Lillehammer åtvara Mattilsynet mot å ta på døde harar . I tillegg er harepest påvist i Rogaland og i Midt-Noreg.

  • I høgremargen finn du fleire NRK-artiklar om harepest.

Startar akutt

Sjukdomen startar vanlegvis akutt, med feber, frysningar, hovudverk og trøttheit, opplyser Folkehelseinstituttet.

Kontakt med gnagarar, eller opphald i områder med mykje gnagarar kan vere ein indikasjon på at det er snakk om harepest, eller tularemi.

Mange får smitten i samband med haustjakta, og det har tidlegare år vore vanleg at mange blir smitta på hausten.