Ifølgje nettstaden til klubben er partane einige om å avslutte arbeidsforholdet.
Iversen gjekk gratis frå Rosenborg til londonklubben for eit drygt år sidan. Han scora i debuten mot Preston, men har fått lite speletid denne sesongen. Ifølgje adressa.no har han berre fått tre innhopp i serien.
Totalt spelte han 23 kampar for Crystal Palace og scora to mål. Crystal Palace, som har Jonathan Parr i stallen, ligg på 15.-plass i den nest høyeste divisjonen i England Football League Championship.