Hopp til innhold

Tusenvis i sjukehus-demonstrasjon

Fleire tusen menneske samla seg i Arendal sentrum for å demonstrere mot det dei meiner er ei nedbyggjing av sjukehuset i Arendal.

Video Sykehusdemonstrasjon Arendal

Fleire tusen faklar vart selde. Førebels er det ukjent kor mange som faktisk møtte opp til fakkeltoget i Arendal sentrum.

Gradvis nedbyggjing

Årsaka til demonstrasjonen er at sjukehuset misser funksjonar til Kristiansand.

– Dette er ei sak om eit verdig helsetilbod, ikkje ein kamp mellom Arendal og Kristiansand, seier Tove Skyttemyr i aksjonsgruppa til NRK.no.

– No har vi vore vitne til ei gradvis nedbyggjing av sjukehuset i Arendal dei siste åra. No er det nok. Befolkninga i Aust-Agder har fått nok. Vi vil behalde alle akuttfunksjonane våre og vi vil ha eit fullverdig sjukehus i Aust-Agder, for det treng vi, seier Skyttemyr.

Busslaster frå heile Aust-Agder

Tysdag ettermiddag kom det busslaster med demonstrantar frå heile Aust-Agder for å vere med i demonstrasjonen. Skyttemyr meiner sjukehusleiinga sjølve må ta ansvar for den oppheta og langvarige sjukehusstriden.

– Eg tykkjer leiinga i Sørlandet sykehus lagar unødvendig mykje støy med å ta avgjerder utan å eigentleg teste temperaturen blant fagpersonell og befolkning, seier ho. Kanskje vi burde konsentrere oss om å ha to fullverdige sjukehus slik det ligg i alle plandokument, seier ho.

Jan Roger Olsen under demonstrasjon

INGEN LOVNADER: Sjukehusdirektør Jan Roger Olsen måtte stå skulerett føre demonstrantane.

Foto: NRK/Svein Sundsdal

«I løvens hule»

Sjukehusdirektøren måtte sjølv stå skulerett føre tusenvis av demonstrantar i Arendal sentrum. Han kom ikkje med nokon lovnader under folkemøtet og prøvde å dempe gemyttane.

– Sjukehuset i Arendal vil vere ein sentral del av Sørlandet sykehus også i framtida, sa Jan Roger Olsen.

Han sa imidlertid at det må gjerast endringar.

– Eg beklagar at desse endringane fører til den uroen som de uttrykkjer her. Men mi oppgåve er også å komme med forslag som er kontroversielle og ubehagelege, sa sjukehusdirektøren.

Uttrykte respekt

Olsen sa elles at sjukehuset har ei utfordring i måten ein kommuniserer endringar på.

Heller ikkje styreleiar i Sørlandet sykehus, Peder Olsen, kom med nye lovnader. Han uttrykte respekt for engasjementet som vart vist.

– Samstundes er dette arrangementet eit nederlag for oss, sa han i si tale til dei frammøtte.

Sjå direkteinnslaga som gjekk i TV-sendinga vår:

Video Sykehusdemonstrasjon i Arendal

Andre gang vi var inne i TV-sendinga var også sjukehusdirektøre Jan Roger Olsen med. Sjå intervjuet her:

Video Demonstrasjon for sykehuset i Arendal

Tilbakeblikk

Det er ikkje første gang det er demonstrasjonar og sjukehusstrid på Sørlandet. Sjå eit tilbakeblikk i videoen under.

Video Tilbakeblikk på sykehusdemonstrasjoner

Siste nytt fra NRK Sørlandet

jente som ser i kamera og holder armene i kors

Bekymret for elevenes helse etter kutt: – Uansvarlig

En som legger penger i en bøsse.

– Overraskende mange gir kontanter

Gravid kvinne står oppreist og holder på magen

Rebekka fra Kristiansand er gravid og bekymra

Agder tingrett

Far tiltalt for mishandling av spedbarn

Spilles av
Hvor «fat friendly» er Tusenfryd?
Neste