Hopp til innhold

– Flyttar ikkje heim for kva som helst slags jobb

Ei rekkje norske bygder slit med fråflytting. Det fins verken nok jobbar eller hus. I tillegg er ofte fritidstilboda dårlege. Den vesle bygda Valle i Aust-Agder har mista godt over 100 innbyggjarar dei ti siste åra. No ber innbyggjarane politikarane om å ta tak for å unngå at fleire flyttar.

Bente Rabbe Haugen

KANSKJE TILBAKE: Bente Rabbe Haugen utelukkar ikkje at ho vil flytte tilbake til Valle etterkvart. Midlertidig jobbar ho ved den lokale bensinstasjonen. Det ser ho ikkje føre seg som eit livslangt levebrød. - Eg tek ikkje kva jobb som helst når eg har teke høgare utdanning, seier ho.

Foto: Asbjørn Odd Berge/NRK

– Det er lite jobbar og kanskje ikkje dei mest krevjande jobbane. Du endar raskt opp i noko som du ikkje har lyst til å jobbe med fordi du må ta det som er her, seier Bente Rabbe Haugen frå Valle til NRK.no.

24-åringen jobbar ved den lokale bensinstasjonen og skal gjere det fram til jul då ho skal ut å reise. Dei fem siste åra har ho budde både i Bergen og Kristiansand der ho har studert histiore. Samstundes har fått smake på bylivet.

Forfall 8

FORLETE: Slike bilete er ikkje uvanleg å sjå frå bygde-Norge. Hus og småbruk vert forlete til fordel for byen.

Foto: Bjørn Opsahl / NRK
Gunnar Bråttveit

UTFORDRING: Gunnar Bråttveit vedgår at det er ei utfordring å få folk til å flytte til bygda.

Foto: Asbjørn Odd Berge/NRK

– Ein by har jo mykje meir. Du kan vere litt meir fantasifull i forhold til jobb. Her oppe (i Valle) vert det raskt litt meir einsformig, seier Rabbe Haugen.

Fleire menn

I løpet av dei ti siste åra har den vesle sørlandskommunen med i underkant av 1300 busette mista over 130 innbyggjarar. Mange vel å flytte frå bygda til byen. Samstundes viser statistikken at det er langt fleire menn enn kvinner i bygda. Faktisk er det 120 menn per 100 kvinner i Valle.

Leiar i sentrumsforeining i Valle Gunnar Bråttveit vedgår at det er store utfordringar knytt til å få folk til å busettje seg i Valle.

– Ved førre val lova Høgre arbeidsplassar og tilflytting. Dei har jobba hardt, men ikkje fått til noko, så folketalet minkar, seier han.

Han fortel at lokalsamfunnet merkar at folk flyttar frå bygda.

– Sjølvsagt er ikkje folk nøgde med at folketalet minkar. Det går utover både skule, butikkar og servicebutikkar, seier han.

Flytta frå Oslo til bygda

Men det fins suksesshistorier også i Valle. For du finn unntak der folk flyttar motsett veg. Ulf Kjelleberg flytta frå Oslo til Valle i fjor og starta opp sitt eige golv- og tapetfirma i den vesle bygda.

– Det er jo mot alle odds at eg skulle flytte her. Utfordringa er at det er høgt press i Oslo heile vegen. Her er det heilt annleis og du har alt anna enn shopping. Du kan komme deg ut og nyte livet, samstundes som du kan tene nokre kroner, seier han til NRK.no.

– Utfordringa har vore å vise at tenestene kostar. Tidlegare har ein fått hjelp av vener og naboar og gjort ting på dugnad. Men så langt har det gått over all forventning, seier han.

Også Tina Høgevold har lukkast med å starte opp bedrift i Valle. Ho har starta opp bedrifta Bleieboden.

– Ein må tenkje heilt nytt. Du har ikkje dei same moglegheitene her som i byen. Det er jo også årsaka til at eg valde å starte nettbutikk. Eg hadde aldri klart å selje tøybleier berre her i Valle, seier ho.

20 familiar på venteliste

– Eg har funne ein nisjemarknad som det er behov for. Det er jo det som er vanskeleg. Du kan jo ikkje berre starte opp ein matbutikk og tru at det skal bli ein suksess dersom du ikkje veit at det er behov for det. Du må vite kva det er behov for, seier ho.

Tilbake på bensinstasjonen i Valle tek Bente Rabbe Haugen framtida med knusande ro. Etter jul skal ho ut å reise i eit halvt år, før det vert studier igjen. Men ho utelukkar ikkje at ho ein gang kjem tilbake til heimbygda for å slå seg ned for godt.

– Kanskje etterkvart, men ikkje akkurat no. Det er ein perfekt stad å bu når du har barn og familie, men kanskje ikkje som nyutdanna student, seier ho.

– Så merkar eg jo så klart at eg har budd i by dei siste åra. Her kan du liksom ikkje berre gå rett ut døra på kafé eller kino. Slike ting merkar ein når ein kjem tilbake, seier ho.

Tina Høgevold

SUKSESS: Tina Høgevold har lukkast med å starte opp bedrift i Valle. - Det handlar om å finne ein nisjemarknad, seier ho.

Foto: Asbjørn Odd Berge/NRK

– Hjartet bankar for Valle

Bente Rabbe Haugen vedgår at det er Valle som ligg hjartet nærast, sjølv om ho kanskje kjem til å etablere seg i byen.

Bente Rabbe Haugen

VALLE I HJARTET: Bente meiner at politikarane må leggje til rette for fleire arbeidsplassar i framtida.

Foto: Asbjørn Odd Berge/NRK

– Det gjer jo det. Når eg har fri reiser eg jo alltid heim til Valle. Men det er litt på grunn av familie. I tillegg har eg jo mykje vener som kjem heim samstundes. Så må eg innrømme at eg saknar det landlege når eg er i byen. Det å kunne gå i fjellheimen og ha naturen rundt deg, og ikkje bu i ei eksosgryte, seier ho.

24-åringen har ei klar oppfordring til politikarane når det gjeld korleis ein kan klare å «lokke» dei unge heim etter endt utdanning.

– Det må bli fleire jobbar å velje mellom. Dei må sjå litt framover. Det må vere hus å kjøpe. Det bør komme litt fleire fritidstilbod og slikt. Så bør dei rette fokuset mot dei som er ute no og prøve å få dei heim, seier ho.

– Du meiner at kommunen må jobbe aktivt med å få utflyttarane heim?

– Ja, når folk kjem og leitar etter jobb bør dei kanskje prøve å leggje litt til rette. Kanskje opne for fleire jobbar. Dei som jobbar no har kanskje jobben i årevis, og då tek det kanskje ein generasjon før det opnar seg noko nytt. Det er ikkje så veldig lett, seier ho.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Sjimpanser på påskeeggjakt 00:55
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 02 0,87 kr
Dyrest kl. 20 1,48 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,4 kr 25 min.
  • Dusje 3,5 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,4 kr En vask
  • Varmeovn 0,9 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Feb 2023 – feb 2024
    + 6,3 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 5,5 %