Hopp til innhold

500 sider rein lesefryd

Mikhail Sjisjkin er ein av dei store namna i den nye russiske litteraturen. Romanen ”Venushår" er 500 sider rein lesefryd.

Mikhail Sjisjkin

Mikhail Sjisjkin er aktuell i Norge med romanen 'Venushår'.

Foto: Oktober/Yvonne Boehler

"Venushår"

Venushår er namnet på ei urt. Vi er altså i planteriket, men denne planten skal ha magiske eigenskapar når det gjeld alt som har med kjærleik å gjere.

Meir enn kjærleik

Dei som måtte ha fått meir kjønnslege assosiasjonar i møte med tittelen, er altså ikkje heilt på villspor. Men ikkje heilt på sporet heller, for denne romanen er så ekstremt mykje meir enn ein roman om kjærleiken.

Berre ta starten: Den første setninga i romanen fører oss til det gamle Hellas, til Kyros, den store krigaren. I andre setning er vi med på avhøyr av asylsøkarar frå Russland, som ønskjer seg eit nytt og betre liv i Sveits. Fleire av desse er desertørar frå krigen i Tsjetsjenia. Få sider seinare er vi i første verdskrig, slik den blei opplevd av ei ung jente frå ein velståande familie i Rostov. Så kunne ein like gjerne hevde at dette er ein roman om krig gjennom dei par siste tusen åra.

Romanen er eit vulkanutbrot

Ja, det er ein roman om krigar og om kjærleiken, den lengtande, den lukkelege, den sjalu, den bitre, den slokna kjærleiken og om krigen all sin gru og velde ned til den mest hjarteskjerande detalj.

Men det er også mykje meir, for denne romanen er eit vulkanutbrot, det sprutar ut smått og stort, gammalt og nytt, overtru, myter, religion, skapingshistorier både framlengs og baklengs, banalitetar og vulgaritetar, folkeliv, barnestrekar og vaksenstrekar, rim og regler, blødmer og poesi, avhøyr og kjærleg kviskring, dagbøker og brev og lappar som senile damer hiver ut av kjøkenvindauget saman med bestikk og inventar.

Overdådig og fascinerande

Og så vidare. Det er overdådig og fascinerande og overmåte generøst. ”Venushår” er den typen bok som ein kan lese mange gonger, og stadig finne noko nytt. Det er ei bok som ber om at litteraturforskarar skal utforske språklag og overgangar og tolkingsmåtar.

Det er heldigvis også ei bok det går an å lese utan å kjenne den russiske litteraturen og historien særleg godt, men eg vil tru at dei som har slike kunnskapar vil finne små poeng og hint som vi andre går glipp av.

Det får våge seg, her er nok til alle. Her er det berre å klamre seg fast og henge med. Så kan ein heller tenkje over kva ein har vore med på når teksten stilnar etter om lag 500 sider rein lesefryd.

Kulturstrøm

  • Musikalen Les Misérables er 40 år

    I år er det 40 år sidan musikalen Les Misérables hadde premiere på West End i London.

    Les Misérables er ein av dei mest spelte musikalane i verda. Det trass i at musikalen ikkje blei godt mottatt i 1985. Etter kvart vann musikalen fleire prisar.

    Musikalen flettar saman fleire menneske sine skjebnar som lev i Frankrike på starten av 1800-talet.

    en gruppe mennesker som går nedover en gate med en brann i bakgrunnen
    Foto: Lasse Berre
  • Swift med flest førsteplassar på Billboards albumliste

    Taylor Swift har stor suksess med sitt nye album «The Life of a Showgirl». Artisten er no den soloartisten med flest førsteplassar på Billboard albumliste, melder NTB.

    Swift har med det gått forbi både Drake og Jay-Z. Det nye albumet til Swift debuterte på førsteplass ei veke etter at det blei gitt ut.

    Utanom hennar første album, har dei gått rett inn på førsteplass. Ho er oppe i 15 og nærmar seg å ta rekorden frå Beatles som har 19.

    Albumcover til Taylor Swift
    Foto: NTB
  • EBU utsetter avgjørelse om Israels deltakelse Eurovision

    Den europeiske kringkastingsunion (EBU) utsetter avgjørelsen om Israels deltakelse i Eurovision Song Contest 2026 til den ordinære generalforsamlingen i vinter, opplyser styret i en pressemelding.

    I september ble det kjent at EBU skulle kalle inn medlemskringkasterne til en ekstraordinær generalforsamling i november, for å stemme over Israels deltakelse.

    – I lys av de siste hendelsene i Midtøsten, er styret enige om at det er et klart behov for å arrangere en åpen og fysisk diskusjon blant medlemmene om deltakelse i Eurovision Song Contest 2026. Derfor har styret besluttet å sette saken på agendaen for den ordinære generalforsamlingen i desember, heller enn å organisere et ekstraordinært møte, skriver styret i en pressemelding.

    NRKs innholdsredaktør, Charlo Halvorsen, tror ikke EBU prøver å kjøpe seg tid.

    – NRK har ikke landet på beslutning, vi er reelt i tenkeboksen. Og dette i likhet med fredsinitiativet gir jo nye momenter til den vurderingen hele tiden. Det er en ekstrem vanskelig og kompleks situasjon vi er oppi, sier han.