Hopp til innhold

Kripos inn i Ugland-etterforsking

Politet har bede om hjelp frå Kripos og vil ikkje frigi liket av avdøde Ellen Ugland.

– Vi skal i gang med ei brei etterforsking, seier politiet.

I går kveld utvida politiet etterforskinga etter å ha lese den mellombelse obduksjonsrapporten til Ellen Ugland, som døydde måndag .

Den 57 år gamle kvinna var ei av dei rikaste kvinnene i Noreg. Politiet kallar dødsfallet mistenkeleg .

– Dette er ei sak vi tek veldig alvorleg, og vi skal i gang med ei brei etterforsking, seier politiinspektør Stine Karlsen til VG.

Frigir ikkje liket

Ho stadfestar også at politiet ikkje vil frigi liket av Ugland, sjølv om obduksjonen er ferdig.

Kroppen blir vanlegvis frigitt etter obudksjon, men politiet har høve til å be om å få halde på han for å samalikne skader eller funn på kroppen opp mot funn på dødsstaden og tekniske undersøkingar.

– Det er riktig at vi har bede om å få halde på liket, seier Karlsen til VG.

Ifølgje avisa skal politiet har eit veldig sterkt grunnlag for å seie at dødsfallet er mistenkeleg. Både obduksjonen og ny informasjon som politiet fekk onsdag skal vere bakgrunn for mistanken.

Karlsen seier politiet ikkje har nokon mistenkte i saka, men at dei ikkje vil utelate at noko straffbart har skjedd.

Enka arva halve formuen

Ellen Ugland var enke etter Johan Jørgen Ugland, som døydde 28. mars i år , 88 år gamal. Ho vart funnen død i bustaden sin i Bærum måndag. Politiet i Bærum sa då at dødsfallet var naturleg. Seinare ombestemte dei seg og starta etterforsking.

Ellen og Johan Jørgen Ugland gifta seg i 1989. Då Johan Jørgen Ugland døydde, overt enka 45 prosent av verdiane i Grimstad-baserte Uglands Rederi.

Resten av verdiane på rundt tre milliardar kroner vart testamenterte til barnebarnet Knut Nikolai Tønnevold Ugland (24), men at eit råd skulle styre pengane fram til han fyller 35 år.

Barna arvelause

Den første kona til Johan Jørgen Ugland omkom i ei trafikkulykke i 1986. Dei tre barna Ugland hadde frå det første ekteskapet, vart gjort så godt som arvelause i testamentet hans .

Polititenestemenn frå Asker og Bærum og gjorde i går kveld ei rundspørring blant naboane til Ellen Ugland. Dei gjorde også undersøkingar inne i bustaden hennar på Lysaker, og heldt på til over midnatt.

– Dette er utruleg

Sønene til Johan Jørgen Ugland vil ikkje tru kva dei høyrer når Dagens Næringsliv opplyser til dei at politiet har starta etterforsking.

– Kva? Det var jo interessant. Det må eg seie. Det var dramatisk. Det er heilt utruleg. Ironisk nok var det einaste ho likte å lese nettopp kriminalromanar, seier Lars T. Ugland (61).

Han seier også at han tidlegare bad faren velje mellom han og Ellen Ugland, og innrømmer at forholdet mellom han og stemora ikkje var det beste.

– Sjølv har eg ikkje snakka med ho på ti år, og sist gong vi var i same rom, var under minnestunda etter gravferda til far min 7. april, seier han.

Trur det er politipolitikk

Broren, Jørgen Ugland (63), reagerer på same måte.

– Seier du det? Dette er heilt nytt for meg, seier han til Dagens Næringsliv.

– Sjølv om mange hadde eit vanskeleg forhold til ho, kan eg ikkje tenke meg at nokon ville gå så langt, seier han.

Han trur dette er politikk frå politiet, sidan dei fekk kritikk fordi faren deira ikkje vart obdusert etter at han vart funnen død i eit badekar.

– No vil dei ikkje gå i same fella. Dei vil vere på den sikre sida, meiner han.

Lars T. Ugland skreiv ifølgje Dagens Næringsliv i september brev til politiet i Agder og bad dei etterforske dødsfallet til faren.

AKTUELT NÅ