Hopp til innhold

Fryktar terrorpakkar frå Jemen

Funn av ein mistenkjeleg pakke om bord i et amerikansk transportfly på veg frå Jemen til Chicago, har ført til auka beredskap ved fleire flyplassar i USA.

Bombeekspertar på East Midlands flyplass.

Bombeekspertar fjernar den mystiske pakken frå flyet på flyplassen East Midlands.

Foto: DARREN STAPLES / Reuters

Det amerikanske transportflyet frå UPS (United Parcel Service) vart undersøkt under mellomlanding på East Midlands flyplass utanfor Nottingham i Storbritannia..

Her vart det funne ein pakke med blekkpatronar som på ein eller annan måte var «manipulerte».

Det er også funne ein mistenkjeleg pakke i eit transportfly frå eit anna selskap på flyplassen i Dubai. Dette flyet var også på veg frå Jemen til USA. Denne pakken blir også grundig undersøkt i kveld norsk tid.

Også denne pakken var adressert til Chicago.

Mistenkjer Al Qaida

Politiet har også gjennomsøkt fleire andre transportfly frå UPS på fleire ulike flyplassar i USA, utan at det er funne bomber.

Dette flyet blir gjennomsøkt på flyplassen i Newark i New Jersey.

Dette flyet blir gjennomsøkt på flyplasseni Newark i New Jersey i kveld norsk tid.

Foto: Nyhetsspiller / NRK

Ei kjelde seier til CNN at pakken i Storbritannia inneheldt eit kvitt pulver, eit kretskort og leidningar.

Ein anonym amerikansk tenestemann seier til Reuters at dei mystiske pakkane som er funne om bord i dei ulike flya, kjem frå Jemen. - Vi sjekkar no om det er ein link til terrorisme, seier han.

Amerikanske styresmakter mistenkjer terrornettverket Al Qaida si grein på den Arabiske halvøy for å stå bak, dersom hendingane skulle vise seg å vera terror-relaterte.

Auka beredskap i USA

Jon Gelius

Jon Gelius, USA-korrespondent for NRK.

Foto: NRK

Dei første testane av pakken viste at det truleg ikkje er snakk om ei bombe, men undersøkingane av den mystiske pakken held fram. Funnet har ført til auka beredskap ved fleire flyplassar i USA, og det er spesielt frafikk frå Jemen som blir sjekka ekstra nøye.

To UPS-fly på flyplassen i Philadelphia, eit fly i Pennsylvania og eit fly i Newark i New Jersey blir gjennomsøkte i dag etter funn av mistenkjelege pakkar. Ein lastebil frå UPS blir sjekka i New York City, opplyser politiet.

– Det er særdeles hektisk på fleire amerikanske flyplassar og i hjartet av New York. Etterforskarar og bombeekspertar jobbar iherdig for å finne ut om det kan vera snakk om eksplosiver, seier NRK sin USA-korrespondent, Jon Gelius.

Det er ikkje kjent om det er funne bombemateriale i desse pakkane, men ifølgje Gelius tyder nyare informasjon på at det ikkje er tilfellet.

Pakkar til fleire synagogar

Også i Dubai-avdelinga til fraktselskapet FedEx vart det fredag funne ein mistenkjeleg pakke. Pakken var sendt frå Jemen og skulle til USA. Fraktselskapet har no stogga alle sendingar som kjem frå Jemen

Etter det NRK kjenner til, skal mystiske pakkar ha vorte sendt til fleire adresser i USA, og særleg til jødiske trussamfunn i Chicago.

Ein talsmann for ein jødisk organisasjon i Chicago seier at styresmaktene har bede dei om å vere i høg beredskap for terrorangrep.

Det er førebels uklart om flyet i England vart sjekka på bakgrunn av tips, eller om det var ein rutinekontroll.

East Midlands

Politiet i Storbritannia melder at det er funne ein mistenkjeleg pakke på eit distribusjonssenter på flyplassen East Midlands, og at denne pakken blir sjekka.

Politiet stadfestar også at bombeekspertar har vore på staden.

– All last som var ombord på flya er undersøkt. og ei rekkje gjenstandar er sende til ytterlegare testing ved eit laboratorium, seier politiet i ei pressemelding.

Ei kjelde i FBI seier til nyheitsbyrået Reuters at dei første undersøkingane av den mystiske pakken i Storbritannia, viste at det ikkje er snakk om ei bombe.

SISTE NYTT

Siste nytt