Hopp til innhold

Satsar på krill - eit nytt oljeeventyr

Olje frå krill kan bli eit økonomisk eventyr - og tre norske selskap satsar for fullt. Krilloljen blir brukt både i mat, helsekost, medisinar og kosmetikk, og marknaden er enorm.

Krill

Krill liknar på små reker. Det er store mengder krill i Sørishavet, meir enn forskarane har trudd til no

Foto: NRK

Røkke-selskapet Aker Biomarine Antarctic var først ute. Men frå årsskiftet er fire norske trålarar på plass i Sørishavet for å fiske etter krill - ein skapning som er mindre enn ei reke. Ein av trålarane tilhøyrer Krill Seaproducts AS i Ålesund.

Stort potensial

- Vi har drive med forsking og utvikling i nærare to år for å finne ut kva slags krillprodukt vi skal satse på, seier dagleg leiar Even Remøy.

- Vi planlegg å produsere ei rekkje produkt om bord, mellom anna fiskefor og eit råstoff som kan brukast som ingrediens i mat. Vi vil også ta vare på krilloljen, som er kjent for ha ein positiv helseeffekt. Potensialet er svært stort, meiner han.

Forventningane er allereie store - mange snakkar om dette som eit nytt oljeeventyr. Og no viser heilt ferske målingar at krillbestanden i Sørishavet truleg er langt større enn rekna med.

I 2000 blei krillbestanden i eit avgrensa område i Sørishavet målt til 37 millionar tonn. Seniorforskar Svein Iversen ved Havforskingsinstituttet er tilbake i Bergen etter første del av eit forskingstokt i Sørishavet. Han har godt nytt til fiskarane.

Fire gonger så mykje krill?

Det blir spennende å sjå om våre undersøkingar kan underbygge dagens mistanke om at det er tre til fire gonger meir krill i området enn målingne fra 2000 viser, seier Iversen

Svein Iversen

Seniorforskar Svein Iversen ved Havforskingsinstituttet

Foto: NRK

Krillbestanden blir målt med ekkolodd, forklarer Iversen. Det som er avgjerande for å berekne mengda, er å finne ut kor sterkt ekko kvar enkelt krill sender tilbake til ekkoloddet. Dette har vi forska mykje på sidan 2000, og vi har målt styrken under toktet i Sørishavet. - Men det står att eit omfattande analysearbeid før resultata er klare, seier han.

Første måling ved Bouvetøya

Forskarane har også undersøkt krillbestanden i område der det ikkje er gjort målingar før. Farvatnet ved den norske Bouvetøya har aldri vore kartlagt med tanke på krill.

- Vi fann store konsentrasjonar av krill ved Bouvetøya, seier Svein Iversen. Kor mykje det er - heilt nøyaktig - veit vi ikkje før seinare, men konsentrasjonane ser ut til å vere på nivå med det som er registrert ved Sør-Georgia, der det blir fiska krill i dag.

Røkke får konkurranse

- Vi ser svært positivt på det arbeidet som blir gjort med å kartleggje krillbestanden i Antarktis, seier Even Remøy i Krill Seaproducts AS. Remøy er glad for nyheita om at det ser ut til å vere ein solid krillbestand ved Bouvetøya.

Forskingsskipet G. O. Sars

Forskingsskipet G. O. Sars er på tokt i Sørishavet.

Foto: NRK

- Vi vurderer å tråle i området ved Bouvetøya, og ha Cape Town som base, fortel han. Selskapet hans bruker rundt 500 millionar kroner på prosjektet.

Aker Biomarine Antarctic AS har hatt ein prøvekonsesjon for krillfiske sidan 2004. I fjor fekk Aker ein konsesjon til, samtidig som to andre selskap fekk ja frå styresmaktene.

Les: Fire norske løyve til krillfiske i Sørishavet

Forutan Krill Seaproducts AS har Ervik Marine Services AS fått løyve. Begge er heimehøyrande i Ålesund. Dei har ein konsesjon kvar, så dermed blir det fire norske krilltrålarar i Sørishavet.

Ingen fare for overfiske

Alle dei tre krillselskapa er i full gang med å byggje om trålarar som skal setjast inn i fisket i Sørishavet. Tre spesialbygde fartøy skal vere klare i løpet av året - og rundt nyttår skal dei vere på plass på feltet.

- Er det fare for overfiske på krill?

- Nei, det er ingen fare for det no, seier Svein Iversen på Havforskingsinstituttet. Det er fastsett ein kvote i fiskeområdet på i alt 620.000 tonn, og i dag blir det berre fiska rundt 130.000 tonn. Iversen er norsk representant i den internasjonale kommisjonen CCAMLR, som regulerer fisket i Antarktis.

Reguleringa er streng, og det er heilt nødvendig, seier Iversen. For krillen er ein viktig matressurs både for fisk og dyr i Antarktis. Japan, Russland, Ukraina og fleire andre land driv krillfiske i stor skala.

Forskar på krill

Havforskingsinstituttet sitt forskingstokt med G. O. Sars starta i Montevideo rett etter nyttår. Første del blei nyleg avslutta i Cape Town, men no er forskarane ute på havet igjen. G. O. Sars, som er det mest avanserte forskingsfartøyet i verda, skal vere i Sørishavet i seks veker til. Det er rundt 40 forskarar om bord.

Les: G. O. Sars på tokt i Sørishavet

Forutan å måle berstanden av krill, gjennomfører dei ei rekkje andre undersøkingar både når det gjeld krill og andre artar som lever i Sørishavet. Toktet er ein del av Det internasjonale polaråret.

Se i nett-tv: Mykje krill i Sørishavet

Lenke: Polarårprosjekt - Havforskingsinstituttet

Lenke: CCAMLR forvaltar fisket i Sørishavet

Lenke: Polaråret