Sophie Elise legg ned podkast
Sophie Elise Isachsen legg ned podkasten «Sophie Elise Podcast» etter 31 episodar, melder Dagbladet.
Den siste episoden blei publisert måndag, og har fått tittelen «Siste kapittel».
Isachsen og Fetisha Williams laga podkasten «Sophie og Fetisha» for NRK i 2022. Men samarbeidet blei avslutta i mars 2023 etter mykje kritikk mot kommersielle bindingar og bråk rundt eit Instagram-bilde Isachsen først la ut, og så sletta.
Dei heldt fram med å lage podkasten utanfor NRK, før Sophie Elise trekte seg frå samarbeidet i juni 2023.