Fredrik Wollan og Maren Ringnes Rogstad i «Når kjemien stemmer».

LUKTETEST: – Det var ganske spesielt å lukte gutane under armen. Når du ikkje ser, så veit du ikkje heilt kor langt unna du er heller, så plutseleg var eg heilt oppi dei, ler Maren etter testen.

Foto: Leif Arild Eriksen / NRK

Luktar seg fram til partner

Maren Ringnes Rogstad skal lukte, lytte, røre og smake seg fram til ein partnar i NRKs nye realitysatsing «Når kjemien stemmer».

– Eg har tenkt at eg kanskje har litt dårleg dømmekraft. Eg syns det er litt vanskeleg å finne ein som passar, seier Maren Ringnes Rogstad frå Hamar.

I løpet av seks program skal vitskapen hjelpe ho å finne den perfekte biologiske matchen blant sju menn i alderen 25–35 år.

– Eg har lyst å møte nokon no som eg kan ha morosame år med, og så få ein familie. Det er jo fint om det skjer i løpet av eit par år, seier 31-åringen.

Eg skal gjere eit stort innkjøp av puter før dette blir sendt, for her blir det festival i pute-tv.

Robert Normann Vikestad, deltakar, «Når kjemien stemmer»

Leiter etter gode kysselepper

Maren er ei spontan og positiv dame. Ho jobbar som rettleiar hos NAV og er odelsjente på eit lite småbruk der det blir dyrka korn og poteter. Dei siste åra har ho fått stadig større interesse for å sette seg inn i kva det inneber å vere bonde.

Ho er på utkikk etter ein mann som er maskulin, med litt breie skuldrer, kantete kjeveparti og gode kysselepper. Sjølv er ho familiekjær og bruker mykje tid med familien. Det er difor viktig for ho at ein framtidig kjærast passar inn saman med mor, far og søster.

Maren har hatt fire kjærastar og vore i lange sambuarforhold med to av dei. Det siste halvanna året har ho budd åleine.

– Draumemannen er høg, kjekk og lyslugga. Han er glad i å halde seg i form og ønskjer å vere med på sporty fellesaktivitetar. Det er også veldig viktig for meg at han har humor og ikkje minst humør, understrekar Maren.

Ho er sjølv både sporty og handy og slett ikkje redd for å ta i eit tak. Maren skifter gjerne bildekk eller skrur i motoren sjølv.

Ingen dusj før opptak

Gjennom ulike eksperiment og testar blir Maren sine instinkt sett på prøve. Dei mannlege deltakarane må kvar dag vise seg fram og imponere i utfordringar som brøling i skogen, sensuell novellelesing, catwalk, slåsting og paringsdans.

Mennene fekk ikkje dusje eller bruke parfymerte kremar, deodorant eller parfyme dei tre siste dagane før innspelingsperioden. Dette for at Maren skulle få lukte og bli tiltrukken eller fråstøytt av den naturlege kroppslukta til mennene.

Marens sju menn har også måtte gjennom IQ-testar og måling av stemmeleie. Dei har levert urinprøve og blitt tatt blodprøve av for å kartlegge testosteronnivået.

– Vi veit jo at mykje testosteron gjer hannar meir maskuline og at desse ofte blir foretrukne av hoene, seier Per Olav Alvestad som er programleiar i «Når kjemien stemmer»

Eg har gjort mykje rart i mine yngre år med damer. Eg kan ha vore eit lite sjarmtroll og ein player.

Fredrik Wollan, deltakar, «Når kjemien stemmer»

Også Maren måtte gjøre førebuingar for at kroppen hennar skulle vere så mottakeleg som mogleg for signalane frå dei potensielle partnarane.

For at lukttestane skulle bli så riktige som mogleg, måtte ho kutte ut hormonelle prevensjonsmiddel som p-pillar. Ho er difor ikkje påverka av nokon preparat.

Deltagerne i "Når kjemien stemmer"

VISITT I MANCAVE: Maren Ringnes Rogstad på besøk i mancaven på opptaksstaden på Løkken Verk i Meldal. Frå venstre: Jon Nielsen Aure, Robert Normann Vikestad, Fredrik Wollan, Maren Ringnes Rogstad, Olaf Kvendbø, Eivind Fosskaug Hammer, Erik Andreas Lydersen og Frank Lyngtun.

Foto: Martin Johan Eggan / NRK

Marens sju menn

Fredrik Wollan

KANDIDAT 1: Fredrik Wollan

Foto: Martin Johan Eggan / NRK

Fredrik Wollan (27)

27 år gamle Fredrik Wollan er frå Narvik, men bur no på Færøyane. Der er han handballtrenar i klubben Vestmanna. Han har ansvaret for ti lag i alderen ti til 18 år. Tidlegare har han vore trenar i Levanger handballklubb i sju år.

Fredrik har hatt tre forhold der det lengste varte i halvanna år. Dei siste seks åra har han vore singel og hatt fokus på handballen.

– Det er først dei siste åra eg har oppdaga at eg saknar ein partnar i livet.

Jon Nielsen Aure

KANDIDAT 2: Jon Nielsen Aure

Foto: Martin Johan Eggan / NRK

Jon Nielsen Aure (30)

Jon Nielsen Aure er naturfaglærar, Kung Fu-utøvar og syng i kor. Han kjem frå Oslo og har hatt fire kjærastar. Det lengste forholdet varte i halvanna år. No har Jon vore singel i rundt to år.

– Eg har aldri vurdert å vere med på eit datingprogram før, men at det var eit vitskapeleg preg over det, gjorde at det var litt meir interessant for meg som naturfaglærar.

Robert Normann Vikestad

KANDIDAT 3: Robert Normann Vikestad

Foto: Martin Johan Eggan / NRK

Robert Normann Vikestad (32)

Robert Normann Vikestad er ein svært sosial seljar frå Trondheim. Han har tidlegare spelt fotball for Bodø-Glimt i eliteserien og for Ranheim i lågare divisjon.

32-åringen har hatt tre kjærastar, der det lengste forholdet varte i tre år. Dei siste to åra har han vore singel.

– Eg har det jo godt åleine, men samstundes er det noko å dele livet med, eg inst inne ønskjer.

Frank Lyngtun

KANDIDAT 4: Frank Lyngtun

Foto: Martin Johan Eggan / NRK

Frank Lyngtun (35)

35 år gamle Frank Lyngtun er flygeleiar og kjem frå Bergen. Dei siste åra har han budd i Oslo.

Han har hatt seks kjærastar. Det lengste forholdet varte i seks år. No har han vore utan fast følgje dei siste sju åra. Frank lever utan smarttelefon og datingappar.

– Det kan vere ein grunn til at eg ønskjer å finne nokon på ein litt annan måte enn på nettet.

Erik Andreas Lydersen

KANDIDAT 5: Erik Andreas Lydersen

Foto: Martin Johan Eggan / NRK

Erik Andreas Lydersen (28)

Erik Andreas Lydersen er trønder busett i Oslo. Til dagleg jobbar han som IT-konsulent der kvardagen stort sett handlar om programmering. Hans store lidenskap er klatring. Han er også glad i lindy hop som er ein slags swing-aktig pardans.

28-åringen har eit to år langt avstandsforhold til ei jente i Australia bak seg og har no vore singel i to år.

– Eg syns det er vanskeleg å ta kontakt av og til.

Olaf Kvendbø

KANDIDAT 6: Olaf Kvendbø

Foto: Martin Johan Eggan / NRK

Olav Kvendbø (33)

Olaf Kvendbø er bilseljar frå Ålvundfjord. Han bur no i Ålesund og har ein stor lidenskap for veteranbilar. Olaf bruker også mykje tid på å pusse opp leilegheiter.

Han har hatt fire kjærastar og vore sambuar i fem år. Det siste året har han vore singel.

– Eg må kanskje opne meg litt meir og tenke litt annleis. Eg kan ikkje vere så beskjeden eller redd.

Eivind Fosskaug Hammer

KANDIDAT 7: Eivind Fosskaug Hammer

Foto: Martin Johan Eggan / NRK

Eivind Fosskaug Hammer (26)

Eivind Fosskaug Hammer jobbar som takstmann og tømrar. Han undrar seg over mykje og har fleire planar med si deltaking i «Når kjemien stemmer».

– Eg er ikkje her berre for å skaffe meg dame, men eg er interessert i kva NRK finn ut også. Kva er dykkar føresetnad for å meine at våre instinkt er treffsikre på den måten at vi gjer eit «riktig» val.

Eivind har hatt tre kjærastar. Det lengste forholdet varte i 14 månader. Det siste halvanna året har han vore åleine.

«Når kjemien stemmer» har premiere på NRK1 torsdag 25. august klokka 1945.

Video vist på NRKs høstlansering.

Se smakebiten på "Når kjemien stemmer".