Oppdaginga var nærast tilfeldig. Osteologen Caroline Arcini hos Riksantikvaren i Sverige undersøkte tannstatusen hos viking-menn då ho fann dei merkelege spora på tennene. Merka er ikkje resultat av arbeid eller liknade, meiner Arcini. Filsporet er bevisst laga og kanskje har det krevd særskild kunnskap for å gjere inngrepet.
Berit Sellevold
Første funn i Europa
I Sverige er det til no funne 23 individ med slipte tenner, og dette er dei første funna i Europa. Fenomenet er kjent frå alle dei andre verdsdelane, seier forskar og fysisk antropolog Berit Sellevold ved NIKU. Det kan difor vere handelsmenn som har tatt med seg denne skikken til Europa.
I Noreg er det ikkje gjort liknande funn. Her i landet har vi også restar etter berre om lag 100 skjelett frå vikingtida.
Pynt eller rituale?
Utanom merka i tennene er det førebels ingen ting som skiljer desse mennene ute frå andre som levde i vikingtida. Funn frå gravene gir ingen peikepinn.
Kanskje har mennene med dei filte tennene tilhøyrt ei særeigen yrkesgruppe eller ein stand, seier Arcini.
- Tennene kan også ha blitt filte som ein del av eit rituale, t.d. for å markere overgangen fra barn til vaksen, seier Berit Sellevold
Eller kanskje vikingane berre ville gjere seg vakre?
Av Gry Beate Molvær/Tor Berre
Schrödingers katt torsdag 26. april kl. 19.30