Berre
Johan Jenssen i Holmedal kan vise til tilsvarande mangfald.
Gjertsen grunnla eit heilt lite industrisamfunn på Salbu kring 1920. Gjertsen dreiv sagbruk, høvleri, trelastforretning, tønneproduksjon, såpefabrikk, ullvarefabrikk, fargeri og saftfabrikk. Han dreiv også det lokale brevhuset.
Første kraftverket og første bilen
I 1909 bygde Gjertsen det første kraftverket i kommunen ved Salbuelva. Han kjøpte den første bilen i bygda 1924, og fekk også tid til å vere ordførar.
Stor entreprenør i Svelgen
Då industristaden Svelgen vart bygd opp frå 1917 og utover, starta Gjertsen pre-fabrikasjon av bustadhus som han leverte som byggjesett til Svelgen. Tømmeret kjøpte Gjertsen i Trøndelag og indre Sogn, og nytta skøytene ”Anna” og ”Aslaug” til å frakte bygningsdelane til Svelgen.
Dottera Aslaug arbeidde ei tid på avdelingskontor i Svelgen der ho administrerte det store oppdraget. Gjertsen dreiv med bustadbygging i Svelgen til langt fram på 1930-talet.