I 1648 vart skyssordninga i Noreg organisert. Det vart skipa skysstasjonar langs kyst, fjordar og i dalføra, og innført skyssplikt.
Vetlefjorden, Torsnes og Sværefjorden var i gamal tid kjende som "jektebygder". Det vert fortalt at mest kvar gard hadde eiga jekt. Også i Kvamsøy var det fleire jekter.
Stoppestad i Flesje
Fute- og offisersgarden Flesje nokre kilometer vest for Balestrand var første stoppestad for dampbåtane når dei tok til å trafikkere på Sognefjorden midt på 1800-talet. Dampbåtane gjekk ikkje til kai, men vart borda ute på fjorden. På Flesje var det også rorskifte for postruta på Sognefjorden.
|
Rutebåt på veg mot Balestrand. (Foto: Norsk Film/NRK 1951) |
Fylkesbaatane-rutene opna m.a. for at dei første turistane kunne reise på rundtur frå Bergen til Voss og Gudvangen, og derfrå til Balestrand før retur til Bergen.
Kvamsøy
fekk rutestopp i 1887.
Bolstad
i Lånefjorden vart stoppestad for rutebåtane frå 1899.
Nessane
fekk rutestopp i 1877. Første ekspeditøren var Peder Endresen, og frå 1911
Erling Nesse.
Ulvestad
i Vetlefjorden fekk rutestopp i 1887. På kaia var det Anna og Jon Bøthun som dreiv handel og var skips- og postekspeditørar frå 1889. Frå 1905 overtok Markus Ulvestad. Ved opninga av
Gaularfjellsvegen i 1938 med ferjerute til Grinde, vart ein del av kaia på Ulvestad bygd om til ferjekai. Ferjekaia vart nedlagt då vegen var ferdig til den nye ferjekaia i Dragsvik i 1956. Båtrutene til Ulvestad vart avvikla i 1968. Hans Ulvestad var siste ekspeditør.
Farnes
i Sværefjorden fekk stjernestopp i rutene til Fylkesbaatane frå 1895 med handelsmann Mons Farnes som ekspeditør.
Menes
ved Fjærlandsfjorden fekk rutestopp i 1877.
"Thorsnes" og ferjeruta Ulvestad-Grinde
Då Gaularfjellsvegen vart opna i 1938, vart det starta ferjerute mellom Ulvestad i Vetlefjorden og til Grinde vest for Leikanger. Den første "ferga" i denne ruta var "Vesle Øyvind" og deretter kutteren "Thorsnes", bygd i Sværefjorden. - Sjå "
Polarskuta frå Torsnes".
Kring 1950 gjekk også Fylkesbaatane sin "Fjalir" i bilferjeruta Vetlefjorden-Grinde-Balestrand.
Tjugum
fekk rutestopp like etter 2. verdskrig og fram til 1951.
|
Dragsvik ferjekai. (Foto: D.H.K Andersen, NRK) |
Ferjekaia i Dragsvik
Ferjekaia i Dragsvik vart opna i 1956, samstundes som den gamle fergakaia på Ulvestad (sjå denne lenger oppe) vart lagt ned. Opphaveleg var det planen at ferjekaia skulle liggje i Holmen, men uvilje frå grunneigarane der gjorde at vegsjefen i staden fekk bygd kaia i Dragsvik.
Ferjekaia på Kongsnes
Ferjekaia på Kongsnes i Lånefjorden vart bygd i 1970 i samband med at riksvegen Balestrand-Kongsnes vart bygd, opna 1971. Ferjesambandet Nordeide-Kongsnes vart lagt ned då
Høyangertunnelen opna i 1982.
Ekspressruter
Balestrand fekk ekspressbåtrute til Bergen då Fylkesbaatane starta slike ruter på Sogn i mai 1971.
I dag har Balestrand daglege rutesamband med ekspressbåt til Bergen, og korrespondanse fleire gonger dagleg med ekspressbussane nord-sør på Vestlandet via Vadheim og mot Oslo via Sogndal.
Fleire båteigarar tilbaud turar på fjorden for turistane.