Ein av gardane på Tjugum vart disponert som "kapteinsgard" for kompanisjefen på slutten av 1600-talet. Seinare var det offisersgard på Flesje.
Embetsmenn og offiserar som budde kringom på bygdene, kunne ofte vere vrange å ha med å gjere.
1.VERDSKRIG:
|
Keisar Wilhelm II sitt krigsskip Hohenzollern på Sognefjorden. |
Ved utbrotet av første verdskrig låg
Keisar Wilhelm II av Tyskland med keisarskipet Hohenzollern og ein stor krigsflåte i Esefjorden. Trass i den spente verdssituasjonen, hadde keisaren lagt ut på si årlege Noregs-reise.
Den 26. juli 1914 letta keisarskipet og dei andre tyske skipa brått anker og stima ut fjorden. To dagar seinare braut den 1. verdskrig ut.
Den tyske prinsen og tronarvingen var då på ferie i Olden (sjå "
Krigshistoria i Gloppen"). Han vart i all hast køyrd til Vadheim, der han vart teken ombord i dei tyske krigsskipa før dei vende baugen heim mot Tyskland.
- Sjå elles "
Spionar med attentatplanar mot keisaren".
2. VERDSKRIG:
Ved krigsutbrotet 9. april 1940 hadde det norske skipet "Ibis" og det svenske skipet "Liljewalk" søkt ly inst i Esefjorden. Her vart dei oppdaga av tyske fly og bomba. Ingen av skipa vart skadde. Det svenske skipet låg i Esefjorden til juni før det drog.
|
Defilering under eit stemne for Nasjonal Samling i Balestrand i 1942. (Foto © NRK/Norsk Film) |
Ved krigsutbrotet i 1940 vart Sognefjord Sjøforsvarsavsnitt under kommando av kommandørkaptein Evensen oppretta den 12. april med hovudkvarter på Kvikne's Hotell. Nokre veker seinare søkte norske soldatar på flukt tilhald i hotellet, der Marta Kvikne tok godt imot dei.
Om dei tyske flyåtaka 20. og 26. april.
Dei norske styrkane heldt seg i Balestrand i omlag tre veker. Bygda såg lite til okkupasjonmakta det første krigsåret. I 1941 tilbaud tyskarane seg til å kjøpe Kvikne's Hotell, men Marta Kvikne nekta å gje hotellet frå seg.
Adolf Hitler (1889-1945) vitja aldri Noreg offisielt, men den 12. april 1934 vitja han Sogn ombord i det tyske krigsskipet "Deutschland".
|
Adolf Hitler på Sognefjorden i 1934. Balestrand i bakgrunnen. ©John Asmussen |
I september 1944 kom sjølvaste Reichskommissar Josef Terboven og politisjefen Rediess til Balestrand saman med ei stor gruppe Gestapo-sjefar for å halde fest på hotellet.
Flymeldepost på Nessane
På Nessane hadde tyskarane ein flymeldepost, som også skulle halde oppsyn med trafikken på Sognefjorden. Oberservasjonsposten var bemanna med 10-12 soldatar, og tyskarane bygde nokre få brakker i bygda. Desse vart seinare brukte til hytter.