Dei første lærarskulane - eller "seminara" - i Noreg kom i Trondenes 1824, Asker 1834, Klæbu 1838 og Stord 1839.
Skulelova frå 1860 kravde at lærarane skulle ha betre utdanning enn den som dei meir eller mindre boklærde klokkarane og kyrkjesongarane hadde. Difor vart det kring 1860 starta tre lærarskular i Bjørgvin bispedøme.
Den eine vart lagt til Balestrand, og kom i drift i 1863.
Kommunen skulle skaffe lokale, medan staten stod for drifta.
Leigde hjå Nils Landmark
Første året heldt skulen til i leigde lokale hjå
Nils J. Landmark, inntil kommunen fekk bygd ny skule på Vellene, vegg i vegg med barneskulen.
Halvtanna år
Lærarkursa (seminara) i Balestrand varde 1 1/2 år. Forutan undervisning i rekning og skriving, religion, historie, geografi og song, var det også lagt inn undervisning i kroppsøving og handarbeid. Der Den engelske kyrkja no står, vart det i 1867 reist eit skur som vart nytta til gymnastikkundervisning for elevane. Lærarskulestyrar Jakob Walnum nytta elles bygget som møtelokale for "Ynglingeforeningen" som han starta.
Nedleggingstruga
I 1869 var det fåre for at lærarskulen i Balestrand skulle verte lagt ned, men den vart berga, og var i drift fram til 1881. Huset som vart nytta til lærarskule, vart då rigga ned og sett opp att som barneskule på Sande like vest for Balestrand.
I alt 236 elevar tok eksamen ved lærarskulen i Balestrand i dei 18 åra den var i drift.