Altartavle frå 1890 av Christen Brun. To altarlysestakar i messing frå 1704, to altarlysestakar frå 1893. Kalk og disk frå 1676. Preikestol, og døypefont og anna utstyr frå byggjeåret eller seinare.
Kopi frå 1997 av altarfrontale (tavle) frå 1325 heng i kyrkja. Originalen er på Bergen Museum saman med epitafium frå 1672, fire portalar/dørpostar og to prosesjonsstavar. Brødøskje frå 1799 og kyrkjedør frå mellomalderen på Sogn Folkemuseum.
Tidlegare kyrkjer
På Tjugum har det tidlegare stått ei kyrkje frå ca. 1300 til 1610, og deretter ei kyrkje frå 1610 til dagens kyrkje vart bygd i 1863.
|
Måleri av gamlekyrkja på Tjugum som sto fram til 1863. |
Tjugum kyrkje høyrde fram til 1849 til Leikanger prestegjeld, men hadde frå ca. 1760 hatt eigen kapellan, som budde på garden Lunde like ved kyrkja.
På prestegarden bygde kapellan Jakob Lindemann eit herskapeleg bustadhus i 1839, som vart ombygd i 1892 til forma det har i dag. Prost
Harald Ulrik Sverdrup planta ein vakker hage med sjeldne vekstar på prestegarden.
Kommunen forvaltar eit eige legat - Rendedals Legat - som kan nyttast til kyrkjeskyss for innbyggjarar i Vetlefjorden.