|
Førstesida til Sogningen i 11. mai 1898, i det andre utgjevingsåret. |
Avisa "Sogningen" vart starta i Vik i 1897 etter opptak frå Ole S. Kvamme. Første redaktøren var boktrykkar Rasmus Thorsen, som tidlegare hadde vore redaktør i bladet "Nordfjord" (sjå "
Aviser og media i Gloppen"). 1911-1912 var Dankert Skagen redaktør (sjå også "Sognefjord" under "
Aviser og media i Vik"), 1912-1913 P. Stensaker, og 1913-1925 Thormod Liljedahl.
Flytta til Balestrand
I 1925 vart bladet flytta til Balestrand, der
Richard Christoffer Schelderup Knoff vart redaktør. Han kom til Balestrand i 1918 som vassdragsingeniør, vart tilsett i avisa som då kom ut i Vik i 1924, og flytta året etter redaksjonen til Balestrand. Han kjøpte seinare bladet, men overlet redaktørkrakken til sonen Richard Knoff (f. 1911) som dreiv avisa til 1942. Resten av krigen kom ikkje avisa ut, men Knoff senior dreiv avisa frå Balestrand fram til 1948, då aksjelaget "Sogningen" tok over drifta.
Avisa til Vik
Richard Knoff jr. flytta til Høyanger, der han opna bokhandel. I 1951 vart avisa flytta tilbake til Vik. Huset i Balestrand vart då rive og flytta til Vik. Frå 1951 var Thormod Liljedahl på nytt redaktør, og deretter kom lektor og realskulelærar Halvdan Brekke fram til 1957.
Ny flytting
Då vart avisa kjøpt av trykkerieigar
Ingvald Husabø og flytta til Leikanger. Husabø kjøpte også forlagsretten til
Sogns Avis og slo dei to avisene saman under tittel
Sogningen/Sogns Avis (SSA). Denne avisa vart i 1992 slegen saman med "Sogn og Fjordane" til
Sogn Avis.