|
Oscar II. |
- deltok i
slaget ved Fimreite i 1184.
Kong Oscar II
vitja Fjærland i 1879. Kongen og fylgjet reid på hest til Bøyabréen. Fjærlendingane reiste ein enkel minnestein ved
Mundal hotell etter vitjinga. Vitjinga i Fjærland var ein lekk i ei vestlandsreise der kong Oscar kom frå Voss til Gudvangen og reiste med båt ut fjorden der han vitja Leikanger og Fjærland, og så avslutta han reisa gjennom fylket i Lærdal.
|
Minnestein ved Mundal hotell etter besøket av Oscar II i 1879. (Foto: Arild Nybø, NRK © 2003) |
Kong Olav V
|
Kong Olav V i 1958. (Foto: Norsk Film/NRK) |
Kong Olav V gjesta som kronprins fleire bygder i Sogn i 1933 saman med kronprinsesse Märtha. Dei nytta Fylkesbaatane sin ”Nesøy” på ferda, og gjesta m.a. Amla, der Olav også vitja kameraten sin frå gymnastida,
Hans H. H. Heiberg.
Kong Olav reiste gjennom og stogga i Sogndal på veg frå Leikanger til Skjåk då han i 1949 opna ein landsspeidarleir i Skjåk.
Olav V vitja Heiberg-garden på Øvre Amla som privatperson to gonger seinare, i 1956 og på 1960-talet-talet, då han deltok i samlingar for tidlegare klassekameratar frå gymnastida.
Han vitja 16. juni 1984 Sogndal og Nornes i samband med 800-årsmarkeringa av
slaget ved Fimreite. Kongen avduka då ein minnestein på Nornes, stod føre den offisielle opninga av det nye museumsanlegget til
De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum på Kaupangerskogen og deltok i ei økumenisk gudsteneste i
Kaupanger stavkyrkje.
|
Kong Harald V. |
Kong Harald 5.
Kong Harald den 5. vitja som kronprins
Kaupanger Hovedgård i 1985 saman med kronprinsesse Sonja då dei var vertskap for det japanske kronprinsparet. På turen vitja fylgjet også
Urnes stavkyrkje.
30. mai 1990 opna kronprins Harald
Sogn Fjordmuseum ved ferjeleiet i Kaupanger.
|
Dronning Sonja. (Foto: Knut Falch, Scanpix) |
Dronning Sonja vitja som kronprinsesse
Kaupanger Hovedgård saman med dronning Margrethe av Danmark på 1980-talet. Dei tok då ein avstikkar frå laksefisket i Lærdal for å sjå den gamle stavkyrkja. Dronning Sonja la 1990 ned grunnsteinen for
Norsk Bremuseum i Fjærland, og i 1991 kom ho tilbake og stod føre den offiselelle opninga av muséet.
Kronprins Haakon
vitja Sogndal i 2007. Der heldt han føredrag ved Sogndal vidaregåande skule om kva unge kan gjere for ei positiv utvikling i verda.
|
Chulalongkorn - kongen av Siam.
|
Mellom andre statsoverhovud og kongelege som elles har gjesta turistbygda Fjærland, var keisar Wilhelm II av Tyskland, dronning Wilhelmina av Nederland og ektemaken Hendrik, kongen av Siam (1906) og kongen av Bayern.