”Flesche” postopneri vart skipa i 1836 som det første i noverande Balestrand kommune.
Balestrand
– sjå
Det første postkontoret kom på Flesje .
Nessane
fekk postopneri ved dampskipskaia i 1878 og med Klaus E. Nesse som første styrar. Postopneriet heitte Kvamsø fram til 1890, då namnet vart endra til Ytre Kvamsø. Frå 1919 vart handels- og industrimannen
Erling Nesse poststyrar, og sonen
Kåre Nesse tok over etter faren i 1949. I 1921 vart postkontornamnet fornorska til Ytre Kvamsøy, og i 1937 endra til Nessane. I 1973 vart det underpostkontor, men fekk tilbake status som postkontor i 1977. Postkontoret vart lagt ned i 1997, og folket i Nessane fekk etter dette postadresse Balestrand.
Kvamsøy
”Indre Kvamsø” fekk postopneri ved dampskipskaia i 1890. I 1921 vart adressa endra til Indre Kvamsøy og i 1938 til berre Kvamsøy. Postopneriet vart lagt ned i 1966.
Ulvestad
i Vetlefjorden fekk postopneri i 1893 med handelsmann John Bøthun som styrar. I 1921 vart namnet endra til ”Ulvastad” og i 1924 til Vetlefjorden. I 1973 fekk det status som underpostkontor og i 1976 som såkalla postkontor C. Det vart lagt ned i 1981, og Vetlefjorden innordna under Balestrand.
Lånefjorden
fekk postopneri i 1896 med dampskipsekspeditør Peder L. Bolstad som første styrar. I 1917 vart namnet endra frå ”Laanefjorden” til Lånefjorden. Frå 1973 vart det underpostkontor, og frå 1977 postkontor C, fram til det vart lagt ned i 1980 og innordna under postkontoret i Nessane.
Sværefjorden
fekk postopneri i 1898 med landhandlar og dampskipsekspeditør Mons H. Farnes som styrar. Postopneriet vart lagt ned i 1971 og innordna under Balestrand.
Dragsvik
fekk såkalla sesongbrevhus i 1962, d.v.s. at Dragsvik hadde brevhuset ope i turistsesongen frå byrjinga av mai til ut september. Sesongbrevhuset vart lagt ned i 1974, og postadressa for Dragsvik-grenda vart deretter Balestrand.