I eldre dagar vart det tilsett vektarar i mange bygder i fylket - særleg der det var ein noko tettare busetnad.
Kong Haakon VII og dronning Maud
vitja Flåm i 1914. Dei vart skyssa frå Myrdal jernbanestasjon i ein lang hestekaravane til Flåm. Frå Flåm tok dei panserskipet "Norge" ut Sognefjorden.
Militærfly havarerte
I 1935 omkom flygaren då eit militært landfly kom bort i ein løypestreng på garden Tokvam og styrta. Flygaren freista å naudlande etter at dei hadde gått tomme for bensin. Flymekanikaren om bord berga livet.
2. VERDSKRIG:
Under krigsutbrotet i april-dagane 1940 vart både Flåm og Gudvangen bomba. Grunnen var at begge stader var sentrale punkt for transport av soldatar og sivile mellom Aust- og Vestlandet.
I forvirringa dei første dagane etter krigsutbrotet, fekk lensmannen i Aurland ordre om å knuse alle robåtar i Flåm og Aurland.
Den 9. april 1940 fekk jernbanearbeidarar oppe på fjellet ordre om å sperre Bergensbanen. Men strategien den valde slo feil.
Fullførte Flåmsbana
Tyskarane sette fart i arbeidet med fullføring av
Flåmsbana, som hadde stor strategisk betydning. Den vart opna i 1940.
Adolf Hitler (1889-1945) vitja aldri Noreg offisielt, men den 12. april 1934 vitja han Sogn ombord i det tyske krigsskipet "Deutschland".
Kaserne på Vatnahalsen
Vatnahalsen hotell, som vart teke i bruk som kaserne av tyskarane, brann ned 23. juni 1940.