Hopp til innhold

– Bergen viser eit umenneskeleg ansikt

Høgrebyrådet i Bergen vil ikkje ta i mot Regjeringa si «tiggarpakke». – Dette er umenneskeleg, meiner bystyreopposisjonen.

Fleire tiggarar i Bergen

FÅR IKKJE DUSJ OG TOALETT: Tiggarane i Bergen må sjå langt etter betre sanitærtilhøve. Byrådsleiar Monica Mæland avviser «tiggarpakka» til Regjeringa.

Foto: Ole-Andre Lagmandokk / NRK

Oddny Miljeteig

SKUFFA: Oddny Miljeteig frå SV er djupt kritisk til at byrådet i Bergen takkar nei til Regjeringa si «tiggarpakke».

Foto: NRK

– Eg er veldig overraska over at byrådet viser eit så umenneskeleg ansikt. Det seier Oddny Miljeteig som er gruppeleiar for SV i Bergen bystyre.

I revidert nasjonalbudsjett kom regjeringa tysdag med ein eigen pott på ti millionar kroner, som gjer det mogeleg for kommunar og frivillige organisasjonar å setja i verk humanitære akuttiltak som toalett og dusjar til tiggarar.

Seier nei

Det tok ikkje lange tida før byrådsleiar i Bergen, Monica Mæland frå Høgre, blankt avviste at Bergen vil ta i mot tiltakspakka.

Monica Mæland

SEIER NEI: Byrådsleiar Monica Mæland frå Høgre avviser tiltakspakka til regjeringa.

Foto: Marit Hommedal / Scanpix

– Me er veldig kritiske til at kommunane skal setja opp toalett og dusjfasilitetar til menneske i naud, fordi det vil jo rett og slett oppmuntra menneske til å bu i bilar og parkar eller under bruer. Det ønskjer me ikkje, seier byrådsleiar i Bergen, Monica Mæland frå Høyre, til NRK.no.

Det same har Høgre-byane Oslo, Bodø og Tromsø svart.

– Bidreg til stigmatisering

– Eg meiner dette berre bidreg til ytterlegare stigmatisering av fattigfolk som prøvar å skaffa pengar til ungane og familiane sine, seier Miljeteig frå SV.

Partiet har saman med Venstre reist forslag om liknande tiltak i Bergen bystyre. Då gjekk ein samla bystyreopposisjon inn for å tilby toalett og dusjanlegg til tiggarane i byen. Dei tre byrådspartia Høgre Frp og KrF sa også den gongen nei.

– Dette handlar om det aller mest basale av det eit menneske treng. No viser Regjeringa at dei stiller opp. Viss det er slik at tiggarane skal strøyma til byar som tilbyr toalett, burde dei ha strøymd til heilt andre byar i Europa for lenge sidan. For det er faktisk andre byar som viser ei menneskeleg side der ute, seier Miljeteig.

– Utruleg synd

Erlend Horn

SKUFFA: Erlend Horn i Venstre meiner dei andre borgarlege partia burde ha takka ja til å gje eit sanitærtilbod til tiggarane.

Foto: Venstre

Harald Schjelderup

SKUFFA: Arbeidarpartiet sin gruppeleiar Harld Schjelderup.

Foto: NRK

Også Venstre beklagar at byrådspartia ikkje vil ta imot hjelp til betre sanitærforhold for tiggarane.

– Dette er utruleg synd, seier Erlend Horn som er fungerande gruppeleiar for Venstre i Bergen.

Han er skuffa over dei andre borgarlege partia i byen, og viser til at Høgre-styrde Stavanger har vore positive til «tiggarpakka».

– Eg beklagar på det sterkaste at dei tre andre borgarlege partia ikkje vil gje desse menneska dei mest grunnleggjande sanitære tilboda. Dette er den svakaste gruppa me har i samfunnet vårt, seier Horn.

Uforståeleg

Gruppeleiar i Arbeidarpartiet Harald Schjelderup stiller seg uforståande til at byrådspartia takkar nei til tiltaka Regjeringa legg fram i dag.

– Det er opplagt at Bergen bør vurdere å søka om desse pengane. Eg kan ikkje forstå noko anna enn at det må vera ei linje KrF sin sosialbyråd Lisbeth Iversen kan stå inne for.

Bystyret i Bergen har ikkje gått inn for tiggeforbod, men ei ordning der tiggarane må registrera seg hjå politiet.

– Me har hatt tverrpolitisk fleirtal i Bergen på at me ikkje skal ha tiggarforbod. Då stiller det seg i eit underleg lys når byrådet med Høgre og KrF i spissen takkar nei til dette, seier Schjelderup.