Hopp til innhold

KrF-nei til Stalin

KrF-formann vil ikkje ha Stalin til Bergen.

Bergen rådhus Stalin
Foto: Christian Kråkenes/fotomontasje / NRK

VIDEO: Sjå kva bergensarane meiner

Arbeidarpartiet i Oslo sette i forrige uke foten ned for at gigantportrettet av Josef Stalin, teikna av Pablo Picasso, skulle pryde Folketeaterbygningen på Youngstorget i Oslo.

Men så kom Bergen Høyre og kulturbyråd Henning Warloe på bana, og no ser det ut til at bileta hamnar på veggen til rådhuset.

LES OGSÅ: Maner til varsamheit

Formann i Åsane KrF, Harald Myklebust, seier han reagerte sterkt då han såg kulturbyråd i Bergen, Henning Warloe, uttale seg om saka på NRK Hordaland måndag.

- Både eg og fleire med meg reagerte sterkt på den "kjekke" framferda hans, seier Myklebust.

Han meiner rådhusveggen ikkje er oppslagsplass for portrett av despotar og tyrannar.

- I det heile så må ein kunne få vandre fritt i det offentlege rommet utan å bli invadert av slike portrett, som mange, især av dei eldre, har beiske minne av frå krigens dagar og kommunismen, seier han.

Myklebust meiner Oslo Ap gjorde det rette då dei nekta kunstnar Lene Berg å henge opp portrettet. Men han seier han ikkje er ute etter å sensurere kunsten.

- Bergen skal vere ein by med opne dører for all god kunst, og utan sensur. Men då på stader som høver for slikt, og ikkje slik i det offentlege rom, meiner han.