Hopp til innhold

Klare for protestmarsj

Leiinga i Bevar Hardanger er usikker på kor mange som vil stilla, men dei oppsette bussane er nesten fulle.

Demonstrasjon mot kraftlinje i Hardanger

Laurdag blir det arrangert protestmarsj frå Sjusete til Soldal. Dette biletet er frå ein tidlegare demonstrasjon mot den planlagde kraftlinja i Hardanger.

Foto: NRK

Aksjonsgruppa Bevar Hardanger er ikkje fornøgd med regjeringa sin snuoperasjon i kraftlinje-saka. Laurdag arrangerer dei difor protestmarsj.

Marsjen startar laurdag kl. 09.30 frå Sjusete, og skal gå langs den planlagde linjetraseen.

– Det ser veldig bra ut. Det er meldt fint vêr og bussane frå Bergen er så godt som fulle. I tillegg er det meldt at ein god del vil reisa med eigen bil, seier Audun Klyve Gulbrandsen, prosjektleiar i Bevar Hardanger.

LES OGSÅ: Planlegger fremdeles lenkegjeng

Sidan det ikkje er påmelding til marsjen er han usikker på kor mange som vil delta.

– Me har prøvd å legga opp til at me skal takla dei som kjem. Det er god plass opp i fjellet, så at det kan bli for mange er i alle fall ikkje eit problem, seier Klyve Gulbrandsen.

Bevar Hardanger har lagt opp til kulturelle opplevingar undervegs på ruta. På Selesete vil det bli lunsj og appellar og på Soldalsfjellet blir det bål-markering. Marsjen endar i Soldal.

LES OGSÅ: Sju av ti krever sjøkabel