På sin eigen blogg skriv studenten frå bergensområdet at han ville verta Noreg sin fyrste «voldelige aktivist», men at Anders Behring Breivik kom han i forkjøpet, opplyser bt.no:
«Jeg vet jeg kunne minst drept en av dem før jeg ville bli fanget eller drept selv (...) men jeg hadde ingen anelse om at en formidabel aktivist som heter Anders Behring Breivik allerede i årevis hadde drevet en nitidig planlegging av et angrep som ville vise hele verden hva vikingene er laget av», skriv bergensaren på bloggen sin.
Les:
Til vanleg er han student ved Universitetet i Bergen (UiB) og har hatt tillitsverv ved instituttet han studerer på.
Han gjer kjærasten æra for at han sjølv ikkje vart ein mordar.
– Meinte alvor
Same avis har vore i kontakt med mannen bak bloggen. Han seier at han står for innhaldet, men at han var meir valdeleg før.
Les:
– Les du bakover i bloggen ser du at det eg meiner er blodig alvor. No meiner eg ikkje lenger å drepa, seier han.
Skytinga på Utøya omtalar han som:
«En glimrende måte å slå til mot kjernen av den norske politiske elite. Dette er den neste generasjonen av politiske ledere, og hva er en bedre måte enn å terrorisere foreldrene - de nåværende øverste innehavere av politiske verv - enn å gå etter barna deres?»
– Eit offer for feministstaten
På si eige Facebook-side skriv bloggaren at Noreg fortener å verta ramma når Behring Breivik sitt fengslingsmøte vart lukka allmennheita.
Les:
Då bt.no snakka med mannen, seier han at handlingane til Behring Breivik er forkastelege.
– Eg støttar ikkje å angripa ungdommar på ein leir. For min del var det ein kamp mot politiet. Det er dei som handhevar feministlovene eg er eit offer for, seier mannen.
Aktivist for menn sine rettar
I motsetnad til Behring Breivik er ikkje bergenstudenten kritisk til multikulturalisme og islam, men feministstaten Norge.
Han meiner at politiet handhevar feministstaten, og kallar seg sjølv ein aktivist for menn sine rettigheitar.
Les:
|– Du skriv om å drepa minst ein. Kva meiner du med det?
– Det stemmer. Eg vil ikkje telle det som ein drapstrussel. Eg skreiv det mot politiet, som handhevar feminismen. Det fins mange frustrerte menn som vert radikaliserte på grunn av feminismen. Det er feministane sin feil, seier han til bt.no.
– Kva ville du gjera mot politiet?
– Det vil eg ikkje kommentera, seier mannen.
– Er det mange som støttar deg?
– Det veit eg at det er.
Aukande respekt for terroristen
Like etter terrortragedien skreiv bergensaren dette på twitterprofilen sin:
«Hurra! Politimann drept av skytedesperadoen sammen med venstrefolka».
I ein annan melding fortel han om sin aukande respekt for Behring Breivik.
«På tross av den grusomme markedskampanjen kan jeg ikke hjelpe for å føle en økende respekt for Marxistjegeren ettersom jeg fordyper meg i hans manifest».
Les:
|– Dette er forferdeleg og krenkande
Atle Dyregrov, psykolog og leiar av kriseteamet som hjelper dei pårørande og overlevande etter Utøya-tragedien, er forferda over bergenstudenten sine uttalingar:
– Dette er forferdeleg og krenkande og det forferder meg at det er fleire med slike ekstreme meiningar tilsynelatande heilt utan empati. det er svært ille at både overlevande og etterlatte skal måtte se dette, seier han til bt.no.
– Syns du slike haldningar bør få sleppa til i offentlegheita?
– Eg trur ikkje det er bra å snevra inn moglegheita for å uttrykka seg, men opplever jo at dette anten går over eller ligg nær grensa for kva me kan akseptera.