Hopp til innhold

Demokratane gjer det best i vest

– Det høgreradikale partiet stel stemmer frå Framstegspartiet, meiner valforskar.

Fredrik U. Litleskare

Fredrik U. Litleskare er fylkesleiar for Demokratane i Hordaland.

Foto: privat

Demokratane i Norge får seks representantar inn i fire ulike kommunestyre i fylket, og gjer dermed sitt beste val i Hordaland. Ikkje i noko anna fylke har partiet fått inn fleire kommunestyrerepresentantar.

– Fordi Frp er puddingar

Demokratane vart stifta som parti i 2001 etter at noverande partileiar Vidar Kleppe vart kasta ut av Frp, og fleire av dei leiande politikarane er tidlegare medlem av Framstegspartiet. No meiner Demokratane at fleire Frp-veljarar har valt Demokratane i år.

Les òg: Framstegspartiet misser halvparten av veljarane

– Eg trur veljarane har sett konsekvensane av Frp sin politikk og sett at dei ikkje har vore vellykka i posisjon, seier Fredrik U. Litleskare som er fylkesleiar for Demokratane i Hordaland.

– Framstegspartiet har gjerne vore litt pudding når det har kome til fleire tema. Dette gjeld mellom anna bompengar, der dei hevda dei var imot, men så går både Os, Austevoll og Askøy inn for bompengefinansiering. På dette spørsmålet er me ufråvikelege, seier Litleskare.

RESULTAT FOR DEMOKRATANE I HORDALAND:

Askøy: 522 stemmer - 2 repr.

Fedje: 18 stemmer - 1 repr.

Odda: 225 stemmer - 2 repr.

Stord: 225 - 1 repr.

– Frp er for saklege for Demokratane

Terje Knutsen

Valforskar Terje Knutsen meiner den dempa valkampen har sendt veljarar frå Frp til Demokratane.

Foto: UiB

Valforskar Terje Knutsen ved Universitetet i Bergen meiner Frp mista veljarar i den dempa valkampen som har vore i år.

– Me har hatt ein meir dempa og sakleg valkamp. Det har ikkje vore dei store politiske utspela. I tillegg har ein sentral Frp-politikar, Knut Hanselmann i Askøy, vore ute og sagt at Frp kanskje burde vurdere den retorikken dei har brukt. I forlenginga av dette kan det vere at tidlegare Frp-veljarar ikkje meiner at dei er så godt representerte lenger, seier Knutsen.

Knutsen meiner det er den restriktive innvandringspolitikken som lokkar dei mest ekstreme Frp-veljarane over til Demokratane.

– Demokratane er på mange måtar tufta på ein veldig sterk skepsis mot innvandring, og då tenkjer dei kanskje aller mest på muslimane.

Kjell Einar Nilsen

Kjell Einar Nilsen er leiar for Demokratane i Odda.

Foto: Kai-Inge Melkeraaen / Haugesunds Avis

Etter at Frp i Odda valde ikkje å stille liste gjekk Demokratane frå null til to representantar i kommunestyret.

– Dei hadde jo ingen andre å stemme på, seier Knutsen.

Eit bygdeparti?

Men trass i at Demokratane gjer sitt beste val i Hordaland, får dei ikkje innpass i dei største byane i Noreg. Verken i Bergen, Oslo, Stavanger eller Trondheim har Demokratane fått inn representantar.

Litleskare meiner det berre er snakk om tid før Demokratane får etablert seg der òg.

– Ein må hugse på at Demokratane er eit veldig ungt parti. Det tok også lang tid for Frp å få etablert seg i dei store byane.