Hopp til innhold

Nedlagde skular får nytt liv

Fleire nedlagde skular får nytt liv som grendahus. I Ulstein kommune vert tre gamle skulebygg no selde til grendalaga.

Fleire nedlagde skular får nytt liv som grendahus. I Ulstein kommune vert tre gamle skulebygg no selde til grendalaga. Kommunen gir tilskot i fem år.

Nedlagde skular får hjelp frå grendalaga. Sjå reportasjen her. Foto: Arne Flatin

Skulen på Dimna har lenge vore brukt som grendahus. No vert dette formalisert og grendalaget tek over Dimna skule frå Ulstein kommune.

Det var aldri i tvil om at Dimna Grendalag ville ta over, sjølv om det ikkje er berre enkelt å ta over eit gammalt bygg.

– Det blir spennande. Her er ganske høge straumutgifter for isoleringa er ikkje den same som den ein gong var. Det er eit gammalt bygg med tanke på vedlikehald og vi veit ikkje kva stand bygget er i, seier Steffen Frøystad, som sit i styret i Dimna Grendalag.

Sjølv om kommunen overgir utfordringa til bygdefolket, vil kommunen likevel støtte med tilskot dei neste fem åra.

(Sjå heile reportasjen øvst i saka)