Valstyret i Herøy måtte forkaste svært mange stemmer under opptellinga valnatta.
Endring i vallova gjer at stemmesetelen ikkje lenger skal leggast i konvolutt.
Mange veljarar la difor eit kvitt ark rundt stemmesetelen for å unngå at nokon skulle sjå kva dei stemte.
Dermed blei det kvite arket rekna som ei blank stemme.
Leiar i valstyret, Svein Gjelseth, synest departementet bør vurdere å innføre bruk av konvoluttar igjen.
Og,leiaren for fylkesvalstyret Ole Øverland kjenner til fleire kommunar der veljarar har lagt eit blankt ark rundt stemmesetelen for å unngå at nokon skulle sjå kva dei stemte.
|
I Herøy blei stemmer forkasta valnatta |