Hopp til innhold

Her går elva løpsk

Bilvegen i Leivdalen i Eid vart måndag gjort om til ei elv. – Det kom enormt med vatn, seier Ole Andre Leivdal.

Elva gjekk løpsk i Leivdalen i Eid

LØPSK: Elva gjekk over sine breidder i Leivdalen i Eid.

Foto: Ole Andre Leivdal

Med hjelp av handlekraftige naboar slapp Leivdal å få alt vatnet inn i kjellaren. Det kraftige regnvêret førte måndag ettermiddag til at elva gjekk over sine breidder.

– Skogsvegen var overfløymd av vatn. Det kom så mykje vatn at heile tunet vårt vart fylt av vatn, grus og sand, seier Leivdal til NRK.no.

Halv meter med vatn

Leivdal fortel at elva var ein halv meter høg på det høgaste. Han takkar naboane sine, som hjalp til for å unngå oversvømming.

– Med hjelp av traktorar fekk vi geleida vatnet på rett veg. Dei brukte skuffene og skifla vekk både snø og is. Dei la stein og grus slik at elva kom på rett kjøl, seier Leivdal.

Han fortel at kona hans var heime då elva gjekk løpsk. Ho fekk seg eit sjokk då ho oppdaga alt vatnet.

Vegen er øydelagt

Tunet og vegen til huset til Ole Andre Leivdal er no gravd opp i kampen mot alt vatnet.

– Vegen må grusast opp på nytt. Elles har eg mykje stein og grus på tunet. Men eg glad vi slapp ei oversvømming, seier Leivdal.