Hopp til innhold

No feier det ei knallblå bølgje over Sogn og Fjordane

Ei fersk meiningmåling viser at dei raudgrøne lek veljarar til Høgre og Frp: Om opposisjonen får eitt mandat til vil dei raudgrøne ikkje lenger vere i fleirtal på fylkestinget.

Blå bølgje over fylket

SEGLAR OPP: Bjørn Lødemel (H), Bjørn Hollevik (H), Olin Johanne Henden (H), Frank Willy Djuvik (FrP), Svein Hansen (FrP) og Noralv Distad (H) manglar eit mandat for å få borgarleg fleirtal.

– Sogn og Fjordane er eit område der den raudgrøne tradisjonen har stått sterkt. Dette er eit faresignal som bør takast på alvor om dei ikkje skal tape makta i Sogn og Fjordane. Her ser ein reelle mogelegheiter for at dei borgarlege kan ta over, noko som ville vere veldig oppsiktsvekkjande, seier valanalytikar Svein Tore Marthinsen.

Ei meiningmåling gjort av Respons for NRK og Bergens Tidende viser at om veljarane skulle gå til urnene i dag ville dei raudgrøne berre hatt eit mandat i meir enn dei blå.

Arbeiderpartiet og Senterpartiet ville tapt to mandat kvar.

Høgre er vinnaren på dagens partibarometer. Partiet tar heile tre nye mandat samanlikna med resultatet ved fylkestingsvalet i 2007. FrP har også framgang og ville fått eitt nytt mandat om valdagen var i dag.

Sjukehuskrise?

Sjukehusstriden blir trekt fram som tyngste loddet på vektskåla, som tippar i opposisjonen si retning.

– I politikken er det meste gløymt etter fem månader, men akkurat sjukehussaka er så viktig og sentral for mange i fylket at ho også vil gjere utslag på valdagen. Det skal nok gå meir enn fem månader før ho blir gløymd, seier Marthinsen.

Valanalytikaren trur likevel at Sogn og Fjordane vil vere raudgrønt også etter årets val, men er ikkje overraska over at Høgre yppar med regjeringspartia og seglar opp på meiningsmålingane.

– Det er ein nasjonal trend. Høgre er det mest potente opposisjonspartiet akkurat no. Dei har fått inn mange gode folk som er flinke å promotere partiet. Regjeringa har hatt mange konfliktsaker sidan valet i 2009, noko som kan ha ført til at ein del av veljarane har gått over til høgresida nesten gratis. Men akkurat i sjukehusstriden trur eg ikkje Høgre hadde gjort så mykje annleis, seier Marthinsen.

Eit mandat skil

Framleis har regjeringspartia fleirtal i fylkestinget med 20 mandat, men opposisjonen dreg inn på og står på dette partibarometeret med 19 mandat.

Her er partibarometeret for Sogn og Fjordane:

Partibarometer for Sogn og Fjordane, april 2011

 Parti

Fylkestingsvalet 2007

Stortingsvalet 2009

Partibarometer sept. 2010

Partibarometer april 2011

Raudt

1.2

0.9

1.0

1.2

SV

5.6

5.8

4.5

6.0

Ap

28.2

29.6

25.7

23.6

Sp

29.0

25.2

23.4

21.7

Venstre

6.8

3.3

4.0

6.5

KrF

7.4

6.8

7.1

7.3

Høgre

11.6

12.1

19.6

19.7

FrP

9.5

15.8

14.2

12.9

Andre

0.8

0.4

0.5

1.1

Kunne vore verre

Nils P. Støyva

UTFORDRING: Fylkesleiar i Ap, Nils P. Støyva, trur nordfjordingane kan bli vanskelege å overbevise i valkampen.

Foto: NRK

Fylkesleiar for Ap og ordførar i Stryn, Nils P. Støyva, hadde venta verre tal for Ap, trass i at dei har tapt 4,6 prosentpoeng og to mandat sidan fylkestingsvalet i 2007.

– Ja, med dei utfordringane vi har hatt så har vi sett verre målingar enn dette. Men det er absolutt ikkje nokon lett i det. Vi har ein jobb å gjere framover, seier Støyva.

Fylkesleiaren er einig i Marthinsen si utsegn og det vil ta meir enn fem månader før sjukehussaka er gløymd.

– Det trur eg nok han har rett i. For Ap blir det nok ein utfordrande valkamp i delar av Nordfjord. No er vedtaket gjort, og det må ein forhalde seg til og jobbe vidare, seier Støyva.

Høgre vil ha makt

Bjørn Lødemel

STABILISERT: Stortingsrepresentant for Høgre, Bjørn Lødemel, er glad for at partiet har stabilisert seg.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

I meiningsmålinga får Høgre ei oppslutning på 19,7 prosentpoeng. Det er ein auke på 8,1, noko som hadde gitt partiet tre nye mandat i fylkestinget.

– Vi ønskjer makt, og vi ønskjer å kome i posisjon. Det er gledeleg at vi klarar å stabilisere oss rundt 20 prosent, seier stortingsrepresentant for Sogn og Fjordane Høgre, Bjørn Lødemel.

Sjølv om Høgre har hatt ei positiv utvikling sidan fylkestingsvalet i 2007, har oppslutninga stagnert dei siste seks månadane. Det ser altså ikkje ut som om sjukehusstriden har ført veljarane til Høgre. Lødemel trur ikkje det er fordi sjukehusforkjemparane synest Høgre har for lite truverd i helsespørsmål.

– Sjukehussaka er vanskeleg for alle parti, inkludert oss. Vi har hatt ein omfattande debatt både lokalt og nasjonalt. At dette ikkje gjer utslag på målinga for Høgre sin del, kan tyde på at vi har hatt ein balansert debatt, seier Lødemel.

Tøff tid for SP

Karen Marie Hjelmeseter

HÅPAR PÅ RO: Senterpartiet har hatt ein tøff periode. No håpar fylkesleiar Karen Marie Hjelmeseter at partiet kan legge konfliktane bak seg.

Foto: Cosmin Cosma / NRK

Senterpartiet står att som ein av taparane i målinga. Heilt sidan fylkestingsvalet i 2007, då dei hadde ei oppslutnad på 29,0 prosentpoeng, har det gått jamt og trutt nedover. Ifølgje meiningsmålinga ligg partiet no på 21,7 prosentpoeng. Eit resultat som ville gitt dei ni mandat, to mindre enn ved fylkestingsvalet i 2007.

Vi har fått køyrt oss mykje i det siste. Det er vanskeleg å seie om det er sjukehussaka som gjer at vi går tilbake. Vi har hatt ei tøff tid med konfliktar rundt både partistøtte og armband, i tillegg til sjukehusstriden, seier fylkesleiar Karen Marie Hjelmeseter.

Men fylkesleiaren legg ikkje skjul på at sjukehusstriden har vore ei stor påkjenning for partiet.

– Eg håper verkeleg at vi no kan få lov å setje oss ned i ro og mak og ta innover oss det som kjem i samhandlingsreformen. Der er det rom for både kommunane og lokalsjukehus til å sjå framover, seier fylkesleiaren.

Hjelmeseter trur Sp vil klare å snu den dårlege trenden før valet.

– På tidlegare meiningsmålingar har vi lege litt ned før valet, men gjort det bra likevel. Vi har ein jobb å gjere og må brette opp ermane allereie no, seier Hjelmeseter.

FRP nøgde

Frank Willy Djuvik

GODT MOT: Fylkesleiar i FrP, Frank Willy Djuvik trur partiet vil gjere eit godt val.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

- Vi synest det er bra at vi har ei såpass mykje høgare oppslutning no enn ved fylkestingsvalet for fire år sidan. På målinga er vi inne med eit mandat meir enn ved fylkestingsvalet sist , og vi er ikkje veldig langt i frå eit til, seier fylkesleiar i Framstegspartiet Frank Willy Djuvik.

FrP går frå 9,5 prosentpoeng ved fylkestingsvalet 2007 til 12,9 i denne målinga. Likevel har dei hatt ein nedgang frå sist måling i september 2010. Då hadde dei ei oppslutning på 14,2. Også nasjonalt har FrP tapt terreng dei siste månadane.

– Det er framleis langt igjen til valdagen. Vi skal hente inn mykje meir enn 1,3 prosentpoeng før det endelege valresultatet kjem den 12. september, seier Djuvik.

Fylkesleiaren trur ikkje FrP har måtte betale for sexskandalane enkelte partimedlemmer har vore innblanda i.

– Det kan sjølvsagt gjere utslag på enkeltmålingar så tett etter sakene, men i det store og heile trur eg veljarane skiljer mellom partiet og politikken og det enkeltmedlemmer eventuelt måtte finne på, seier Djuvik.