Hopp til innhold

To Sogndalspelarar i trafikkuhell

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

To Sogndalspelarar køyrde utfor med motorsykkel - sende med ambulanse til Førde sentralsjukehus.

Det var like før klokka tre at motorsykkelen hamna i grøfta ved Årøyane på riksveg 55 mellom Sogndal og Hafslo i ettermiddag.

Per Egil Flo

I MC-UHELL: Per Egil Flo

Foto: Sander Heggheim
Joseph Bendik, Sogndal Fotball

I MC-UHELL: Joe Bendik

Foto: Stig Høynes

Dagleg leiar i Sogndal Fotball, Egil B. Mundal, stadfestar at to spelarar er involverte. Han seier dei to er sende til Førde sentralsjukehus for sjekk.

– Det er Per Egil Flo og Joe Bendik som har hamna i grøfta. Det skal vere snakk om eit mindre trafikkuhell og det er ingen dramatikk i dette, seier han til NRK.no.

To ambulansar rykka ut til staden like etter at meldinga om utforkøyringa kom.

– Ein motorsykkel har køyrd i grøft ved Årøysvingane, seier operasjonsleiar Arild Stokkereit ved politiet.

Sogndal har i ettermiddag hatt trening på Hafslo. Per Egil Flo vil ikkje kommentere om han har vore involvert i ein motorsykkelvelt.

– Det vil eg ikkje seie noko om, seier Flo like etter uhellet.

Klokka 18 opplyser ein vaktoperatør ved AMK at dei to 22-åringane er lettare skadde og innlagde på ortopedisk avdeling.

Lensmannen i Sogndal etterforskar saka vidare for å finne årsaka til ulukka.