Hopp til innhold

Viste onaniscener til åtte-åringar

Åtteåringar på Bergen Kino fekk sjå heite scener i traileren til filmen «Få meg på, for faen». No har kinoen vald å ta vekk filmtraileren.

Rollefiguren Alma i "Få meg på, for faen"

STERK KOST: Traileren til filmen 'Få meg på, for faen' passar seg ikkje for åtteåringar, meiner Bergen Kino som fjernar traileren som forfilm til den siste Pirates-filmen.

Foto: Motlys as

«Få meg på, for faen» er filmatiseringa av boka til Olaug Nilssen frå Førde. Den handlar om seksuelle oppvakninga til tenåringsjenta Alma og i traileren vert det mellom anna vist ei onaniscene.

Det passa seg ikkje for kinopublikum ned i åtteårsalderen, meiner Bergen Kino som fleire gonger viste traileren som forfilm framfor den siste Pirates of the Caribbean filmen, skriv Bergens Tidende.

Traileren til «Få meg på, for faen» var av Filmtilsynet sensurert til 11 år. Det same som Pirates-filmen. Men mange blant publikum er langt yngre, og etter å ha sett nærare på traileren vedgår kinodirektøren at innhaldet ikkje passar for åtteåringar.

- «Pirates of the Caribbean: On stranger tides» er ein typisk film der mange endå yngre går saman med foreldra. Born som er ned til tre år yngre enn aldersgrensa kan sjå filmen saman med foreldra, seier direktør ved Bergen Kino, Elisabeth Halvorsen til BT.no.

Sjølv er forfattaren samd med Bergen Kino si vurdering.

- Eg skreiv ei åtvaring i boka om at den inneheldt mange sexscener, og eg meinte det. Det er problematisk når ein får denne typen innhald kasta i trynet utan at ein vil det sjølv, seier Nilssen til BT.no.