Hopp til innhold

Ville ikkje vere med på nakenscener

Helene Bergsholm (19) sette foten ned for nakenscener, då ho spelte inn «Få meg på, for faen».

Helene Bergsholm i "Få meg på for faen"

VIL IKKJE SPELE NAKEN: Helene Bergsholm frå Førde har sett klare grenser for kva ho vil gjere som skodespelar.

Foto: Trond Sørås / VG

– Eg bestemte meg for at eg ikkje ville gjere den type scener. Eg kjende meg ikkje komfortabel med det rett og slett, og når eg ikkje visste så mykje om korleis filmprosessen fungerer, var det best å ikkje gjere den scena, seier 19-åringen frå Førde til VG.

Har festpremiere i Førde

Den mykje omtalte «Få meg på, for faen» har i kveld festpremiere i Førdehuset, fire dagar før resten av landet får sjå filmen.

Filmen er basert på Olaug Nilssen si bok med same namn.

Var ikkje i tvil om onani-scene

I opningsscena får du sjå Helene Bergsholm spele ei jente som onanerer på kjøkkengolvet. Den scena var ho aldri i tvil om å gjere.

– Eg forstod då eg sa ja til rolla at det berre måtte gjerast. Difor hoppa eg i det, og gjorde mitt beste, og tenkte at dette er ikkje meg - det er skodespel, fortel 19-åringen til VG.

Det er venta stort frammøte til kveldens festpremiere i Førde. Mellom andre vil både regissør Jannicke Systad Jacobsen og dei fleste skodespelarane vere til stades.