Hopp til innhold

Filmdebutantar varmt mottekne

Den mykje omtala filmen "Få meg på for faen" fekk ei varm mottaking av kinopublikumet i Førde.

Framsyninga vart toppa med eitt minutts applaus frå publikum. I filmen spelar fleire lokale ungdomar, mellom andre Helene Bergsholm og Matias Myren.

– Det var heilt utruleg annleis enn eg hadde tenkt. Dei var så positive, og kom bort til meg. Det var meir liv i publikum enn eg hadde trudd det skulle bli, fortel hovudrolleinnehavar Bergsholm etter å ha debutert på filmlerretet på heimebane.

God stemning

Folk møtte opp i hopetal i god tid for å få med seg filmstjernene sin entre til festpremieren i Førdehuset.

Under heile framsyninga var det god stemning, mykje latter, humring og applaus.

– Den var fantastisk. Eg er overbegeistra. Utruleg flotte presentasjonar, og eg har ledd masse, seier ein av publikummarane etter festpremieren.

Betre enn venta

– Den overgjekk forventinga eg hadde til filmen. Absolutt. Vi har hatt ei fantastisk stund, legg ho til.

Filmen er basert på Olaug Nilssen si bok med same namn, og handlar om ei tenåringsjente si seksuelle oppvakning. Forfattaren var over seg av begeistring for mottakinga i Førde.

– Det var herleg å høyre folk le, og le på dei rette stadane, og så jubelen til slutt då, seier ho.

Kvidde seg

Filmen har norgespremiere fredag 19. august. Filmen har skapt sterke reaksjonar, men også fått ei varm mottaking i USA.

Bergsholm, som kvidde seg før premieren, er spent på mottakinga andre stader i landet.

– Det er ei veldig stor lette no. Eg er berre glad for at familien min og venene mine tykte det var bra. Eg håpar mottakinga på landsbasis blir som her, at folk likar den over heile Norge, seier ho.