Hopp til innhold

Møter Stabæk utan toppscorarar

Verken Ole Jørgen Halvorsen eller Ørjan Hopen er med når Sogndal tek i mot Stabæk i dag.

Ole Jørgen Halvorsen og Ørjan Hopen

UTE: Verken Ole Jørgen Halvorsen (t.v.) eller Ørjan Hopen er med når Sogndal møter Stabæk på Fosshaugane i dag.

Foto: Rune Fossum / NRK

Duoen har sytt for 12 av Sogndal sine 22 scoringar så langt i år.

Med seks mål kvar er Ole Jørgen Halvorsen og Ørjan Hopen klubben sine toppscorarar.

– Ørjan skulle slå langpasning torsdag, men var uheldig å sparke nedi grasmatta. Dette gjorde så vondt for han at vi valde å spare han, fortel medisinsk koordinator, Kim Are Jacobsen til NRK.no.

Smell mot Tromsø

Oppgjeret heime på Fosshaugane er den første av tre «matchballar» som Sogndal har til å sikre fornya kontrakt i Tippeligaen. Med siger over bærumsklubben står saftlaget i divisjonen.

Sogndal Fotball ventar kring 3 000 tilskodarar på tribuna når «slaget» står klokka 18 i dag. Der vil også Ole Jørgen Halvorsen ta plass, saman med både Cato Hansen og nemnde Hopen.

– Ole Jørgen har slite med ein ankel som ikkje er optimal. Mot slutten av Tromsø-kampen fekk han ein smell, slik at han nesten ikkje har trent denne veka. Når spelarane ikkje er 100 prosent, så er det betre at andre får prøve seg, seier Jacobsen.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Har gode erstattarar

Sogndal måtte klare seg utan toppscorarane også i bortemøte mot Fredrikstad. Då sytte Mats Solheim og Ruben Holsæter for måla som gav sogndølene 2-0-leeing. Diverre slo laget frå plankebyen tilbake og sikra 2-2 og eitt poeng.

Assistenttrenar Terje Skjeldestad meiner fråfallet av lagets kanskje to beste angrepsvåpen ikkje får noko å seie for Sogndal.

– Vi har gode erstattarar i alle ledd. Mot Fredrikstad scora vi likevel to mål og mot Tromsø heldt vi nullen sjølv om Mats og Even ikkje var med. Det er naturleg at skadar og karantener gjer at spelarar må stå over utover hausten, seier han.

DESSE STARTAR: Kenneth Udjus, Taijo Teniste, Mats Solheim, Isak Scheel, Even Hovland, Per Egil Flo, Henrik Furebotn, Eirik Bakke, Elvis, Tonny Brochmann, Ulrik Flo

BENKEN: Vegar Gjermundstad, Joe Bendik, Gustav Valsvik, Thomas Ness, , Espen Næss Lund, Tore Andre Flo, Ruben Holsæter.