Hopp til innhold

No kan du handle vin på nynorsk

Mållaget sprettar sjampanjen for at Vinmonopolet skal skilte på nynorsk i nynorskområde. No skal nesten femti norske pol få nynorskskilting.

Vinmonopol

NYNORSK: No skal skilt, brosjyrar og anna materiell skal kome på nynorsk i nynorskområde.

Foto: NRK

Vinmonopolet er ei statleg verksemd som skal følgje mållova. Då må ein kunne forvente å møte nynorsk i ei nynorskkommune og bokmål i ei bokmålskommune, meiner Håvard B. Øvregård som er leiar i Noregs Mållag.

– Det er heilt på sin plass, men det må ofte ein ekstra innsats til for at ulike etatar følgje dei målreglane som gjeld, men no gler eg meg til raudvin og kvitvin, seier Øvregård.

Raud og kvit, ikkje rød og hvit

No skal altså skilting, brosjyrar og anna materiell på Vinmonopolet også bli å finne på nynorsk.

Leiar i Noregs Mållag Håvard B. Øvregård

SKÅLAR: Leiar i Noregs Mållag Håvard B. Ødegård gler seg til å skåle i raudvin og kvitvin.

Foto: Hege Lothe

– Det står kanskje ikkje så mykje tekst på skilt, men det er likevel viktig. Skilta er lett synlege og det er mange som ser dei. Står det berre «hvit» eller «rød», så kan nynorskorda kvit og raud lett opplevast mindre naturleg fordi ein ikkje ser det, seier mållagsleiaren.

Øvregård meiner det er heilt avgjerande for nynorsken at han er til stades i kvardagen.

– Det har vore urimeleg at vinmonopol i nynorskområde har skilta på bokmål. Det er ein viktig siger at desse butikkane no får ein språkpolitikk som er i tråd med lokalsamfunnet ikring, fortel Øvregård.

Vert gjeldande i sju fylke

Ein klage ifrå Voss Mållag fekk ballen til å rulle og no har Kulturdepartementet slege fast at dei kommunale målvedtaka skal leggje føringar for språkval i polutsala.

For kommunar der nynorsken står sterkt, men som er språknøytrale er det framleis usikkert kva språk som vil verte gjeldande.

– Vi vonar at den omfattande omskiltinga som no kjem, gjer det lett for desse polutsala å velje nynorsk, seier Øvregård.

På pol i Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane, Hordaland, Rogaland, Telemark, Buskerud og Oppland vel dette vedtaket no få omfattande konsekvensar.

For Sogn og Fjordane vil dette gjelde polutsala i Florø, Førde, Høyanger, Luster, Måløy, Nordfjordeid, Sandane, Sogndal, Stryn og Årdal.