Hopp til innhold

FC København droppar Hovland

Den danske storklubben FC København er ikkje lenger interessert i å sikre seg Sogndals Even Hovland.

Even Hovland

PÅ VEG BORT: Even Hovland blir etter alt å dømme seld til ein annan klubb før januar er omme. Men det blir ikkje til København.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Slik eg har forstått det, er FC København ikkje lenger interessert, seier sportssjef Trond Fylling i Sogndal til tipsbladet.dk.

Spekulasjonane har lenge gått høgt rundt framtida til Even Hovland. Midtstopparen er å rekne som krumtappen i forsvaret til Sogndal, og spelte seg i 2011 inn i landslagstroppen under Egil «Drillo» Olsen.

Var aktuell som Hangeland-arvtakar

I danske Tipsbladet er 22-åringen trekt fram som «den nye Brede Hangeland», og det var venta at toppklubben ville hente inn Hovland i posisjonen Hangeland i si tid gjorde stor suksess i Danmark.

I oktober vart det kjent at København var interessert i stopparen frå Vadheim. No har derimot interessa kjølna.

– Molde er svært interesserte i Even. Det same er fleire andre norske klubbar og klubbar frå utlandet, men Molde har vore det lenge, og i augneblinken er det Norges største klubb, forklarer Fylling til nettavisa.

Mellom topp fem i norsk fotball

Sportssjefen reknar med at Hovland vert seld innan overgangsvindauget lukkar ved utgangen av januar. Fylling vil helst selje midtstopparen til ein utanlandsk klubb.

– Men det er også fint for oss å selje til Molde eller Rosenborg, som er dei store klubbane i Norge, seier han.

Ifølgje tipsbladet.dk meiner TV2 sin fotballekspert David Nielsen at Even Hovland er å rekne mellom dei fem beste kjøpa frå norsk fotball.