Hopp til innhold

Vil betale 10-15 millionar for Even

Etter det Sogn Avis kjenner til har den russiske klubben FC Anzhi Makhachkala lagt inn eit bod på mellom 10 og 15 millionar kroner for Even Hovland.

Even Hovland

I TENKJEBOKSEN: Even Hovland må vurdere feit løn i Dagestan opp mot tilbod frå Ole Gunnar Solskjær og Molde.

Foto: Sander Heggheim

Klubben som held til i provinsen Dagestan er eigd av folk som ikkje treng å snu på skillingane. Even Hovland skal ha fått tilbod om ei årsløn på fleire millionar om han og Sogndal Fotball seier ja til tilbodet.

LES OGSÅ: FC Anzhi vil ha Even Hovland

Molde har og lagt inn bod

Til Sogn Avis seier midtstopparen at han no må vurdere dette opp mot eit tilbod som har langt lågare kronesum frå Molde.

– Eg kan stadfesta at eg er i tenkjeboksen. Me får sjå kva som skjer, men førebels har eg ikkje noko nytt å fortelja, seier Hovland til avisa.

– Det sportslege tel mest

Han seier at det er dei sportslege faktorane han vil legge mest vekt på, det økonomiske kjem i andre rekkje.

Even Hovland reiser om ei veke med fotballandslaget til turnering i Asia. Fram til det trenar han med Sogndal.