Hopp til innhold

Håpar på siger med bismak i Sogn

Søndag håpar sogndølen Oddbjørn Skartun (23) på både scoring og siger på Fosshaugane. Då som spelar for Haugesund.

Oddbjørn Skartun

KLAR: Oddbjørn Skartun var i vinter i dialog med gamleklubben Sogndal, men hamna i Haugesund. Søndag er han attende på Fosshaugane.

Foto: Rune Sjøberg

Tabellsjuar FKH er Sogndal sin motstandar søndag. Førstemann av dei gjestande spelarane til saftbygda var sjølvsagt Oddbjørn Skartun.

23-åringen nyttar sjansen til å vitje familie og vener, men når FKH-drakta blir dregen over hovudet søndag er det berre siger og arbeidsoppgåver han tenkjer på.

– Det blir sjølvsagt nokre spesielle kjensler. Eg har jo vakse opp ved stadion og vore med bestefar min på kamp sidan eg var liten gut. Men eg gler meg. Dei spesielle stundene i mitt hovud blir nok før og etter kamp, seier han.

Ville ikkje forlengje

Sogndølen reiste på lån til Vard Haugesund i 2009. Då Sogndal ikkje ville forlengje kontrakten vart Skartun verande i Rogaland.

– Det var litt tøft for meg, det må eg innrømme. Men eg heldt fram i Vard, og heldt fram utviklinga. Det gjekk kjempebra der og per i dag kan eg ikkje klage over at det vart slik, seier 23-åringen.

Etter 26 scoringar på tre sesongar for 2. divisjonslaget, meldte eliteserielaget Haugesund si interesse i vinter .

Heilt anna ramme

Partane vart samde om overgang etter treningsleiren på La Manga . I år har han fått godt med speletid i treningskampane, men så langt berre to minutt i eliteserien.

LES OGSÅ: Vraka i Sogndal - kan hamne i FKH

– Det er ei heilt anna ramme rundt både klubben og trening. Nivåmessig er det ein litt smartare måte å spele fotball på, og ikkje nødvendigvis meir tempo. Som offensiv spelar får du betre spelarar bak deg og betre ballar å jobbe med, seier Skartun.

Tredjeval på topp

Som spiss har han ei utfordrande oppgåve å krige seg til fast plass. På topp har FKH Alexander Søderlund og Nikola Djurdjic. To av dei mest målkåte spissane i eliteserien.

– Eg føler eg har teke litt steg for steg nærare dei to framfor meg. Eg meiner dei kanskje er to av dei beste spissane i landet, så eg må berre vere klar til å gripe sjansen når eg får den, seier han.

Siger med

Med ein far og tre onklar som fotballspelarar i Sogndal, og med heimebana som nær nabo, seier Skartun at klubben alltid vil ha ein spesiell plass i hjartet hans.

Likevel går han for siger med bismak på søndag–at FKH tek alle poenga heim.

– Eg har Sogndal i mitt hjarte og ynskjer dei alt godt. Om vi skulle klare det, så vil det ikkje vere like godt som om vi slo eit anna lag, seier han og ikkje avviser at han i framtida kan bli Sogndal-spelar igjen.

– Eg håpar døra der vil stå opa, men ikkje nett no, avsluttar han.