Hopp til innhold

No vil Grytebust bryte forbanninga - som han ikkje trur på

I 2009 Tippeliga-debuterte ein purung 19-åring i oransje trøye. Staden var Aker Stadion, motstandar nabo Molde. Tre år seinare har han framleis ikkje gått sigrande ut av lokaloppgjeret. No trur Sten Grytebust at vinden vil snu.

Sten Grytebust

HUGSAR DEBUTEN: Sten Grytebust hugsar veldig godt debuten i 2009 – mot nettopp Molde. No higar han etter sin første siger mot naboen i Nord.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / Scanpix

– Eg har ikkje sjølv vore med på alle kampane, men eg har høyrt historiene. AaFK har ikkje vunne mot Molde sidan første året dei var i Tippeligaen, seier Sten Grytebust.

AaFK-keeperen har spelt fem oppgjer mot Molde. To treningskampar, tre seriekampar – null sigrar. Uavgjort 2–2 i ein treningskamp før 2011-sesongen er det næraste 22-åringen frå Ellingsøya har vore siger mot Molde.

Sist gong AaFK slo Molde i ein seriekamp var i 2003.

– Byrjar det å nærme seg ei forbanning?

– Nei, det trur eg ikkje. Statistikken er slik mellom fleire lag, så det er inga forbanning, meiner AaFK-keeperen.

I dei kampane han sjølv har spelt meiner han det går på prestasjonane.

– Vi har ikkje prestert godt nok mot Molde. Treningskampane er éin ting, men i serien har vi ikkje spelt vårt beste mot dei. Samtidig har Molde vore gode i min periode.

Sten Grytebust

HAR FÅTT TILLIT: Sten Grytebust har etter kvart vist seg tilliten verdig i AaFK.

Foto: Arne Flatin / NRK

– Det blir steintøft

På søndag trur Grytebust det blir minst like tøft som før.

– Vi møter regjerande seriemeister på deira heimebane, og dei er litt i poengnaud – slik som oss. Det blir steintøft.

– Men vi må berre halde fram med det positive frå Rosenborg-kampen, samtidig som vi må vere betre i lengre periodar, meiner Grytebust.

For Molde er Rosenborg den store rivalen, noko AaFK-keeperen er klar over. Likevel er der meir enn berre tre poeng i oppgjeret mellom Molde og AaFK.

– Det er litt ekstra spesielt med Molde. For min del så er eg frå området, og eg kjenner fleire på laget. AaFK og Molde er litt rivalar.

Blei hiven til ulvane

For Grytebust er det òg litt spesielt å møte Molde på Aker Stadion. For tre år sidan var det nemleg der han fekk Tippeliga-debuten.

– Eg hugsar mykje frå heile den dagen. Det var sjølvsagt ein veldig stor augneblink i mi karriere.

Den då 19 år gamle Sten Grytebust var relativt fersk i AaFK sin A-stall, og han var eigentleg tredjekeeper. Då Anders Lindegaard måtte tilbake til Danmark og Odense, rykka Grytebust opp i køen.

Etter gode prestasjonar bestemte trenarteamet seg for å gi han moglegheita – i staden for Andreas Lie.

– Den framgangen han viste, spesielt i 2009, trigga oss veldig. Vi var lystne på å sjå kva Sten kunne vise fram i kamp, og vi tenkte at det var eit fint høve for å kaste han til ulvane, fortel AaFK sin keepertrenar Frank Mathiesen.

– Og det gjekk veldig bra, legg han til.

(Saka held fram under bildet.)

Frank Mathiesen

TUBA-SIKTAR: Utanom ein god AaFK-debut av då 19 år gamle Sten Grytebust, hugsar Mathiesen eit korps han irriterte seg over. Det gjekk nesten ut over tubaen.

Foto: Arne Flatin / NRK

Sikta og bomma – på tubaen

Grytebust er ikkje den einaste som hugsar debuten – det gjer også Mathiesen.

– Det er spesielt to ting frå oppvarminga eg hugsar godt. Det første var at musikkorpset til Molde gjekk gjennom oppvarmingssona. Det gjorde meg veldig forbanna. Eg sikta på tubaen, men eg bomma.

– Det andre var at det stod ein keeper i målet vårt, som var nærmast umogleg å score på. Så då eg gjekk av bana etter oppvarminga, så tenkte eg "dette meistrar han til det fulle", fortel Mathiesen.

Før oppvarminga var derimot keepertrenaren veldig nervøs.

– Eg var sikkert like spent og nervøs som han.

– Men slått Molde, det har han ikkje!

Det blei tre baklengs for Grytebust i debuten, men etter kampen blei han rosa opp i skyene. Sjølv blei det ein debut med bismak.

– Eg slapp inn tre mål, og det var ikkje artig. Det blei ei positiv oppleving med ein litt dårleg smak i munnen.

Sidan 2009 har Grytebust blitt klart førsteval i AaFK. I fjor starta han alle Tippeliga-kampane for oransjetrøyene.

– Han har hatt enorm framgang sidan 2009. Det viste han i fjor, og han har vist mykje så langt i år. Det er ein mykje meir komplett keeper som går på banen i 2012, samanlikna med keeperen i 2009, fortel keepertrenar Mathiesen.

– Men slått Molde, det har han ikkje. Men det er det andre som har gjort. Så eg skal kanskje gi han litt ekstra råd før kampen, flirer Mathiesen, og refererer til då han sjølv var keeper mot Molde i 2003-sigeren.

Grytebust trur derimot at han no endeleg vil få sigeren mot Molde.

– Eg har veldig god tru på at det vil snu på søndag, avsluttar 22-åringen.

Kjetil Rekdal

SATSA PÅ GRYTEBUST: I staden for å hente inn ein ny keeper då Anders Lindegaard drog til Manchester, satsa Kjetil Rekdal på Sten Grytebust.

Foto: Hans-Olav Rise / NRK